onsdag 26. august 2015

Mangersfjorden rundt 2015

Laurdag 22.august vart det som nytt av året også arrangert laurdagsregatta på Mangersfjorden. Det var meldt sør/søraust vind på 11 m/s. Ved sørleg vind var løypa start i Mangersvågen, rundt bøye ved lykta i Bognestraumen, rundt bøye ved Trettholmen/Maggen, rundt bøyen i Bognestraumen og mål i Mangersvågen.
Eg segla singlehanded som trening til Bergen singlehanded. Starta med 3'ar og eitt rev i storseglet. Det gjekk greit inn til runding i Bognestraumen. FS2 runda først. Tok no ut revet og segla nordover. Vinden var roleg inne ved runding og eit stykke utover fjorden. Frå Mangersvågen og vidare nordover auka vinden kraftig på - med kraftige kast opp i 15 m/s.
Fekk ein broach som eg sleit med å koma meg ut av. Ved runding av merket ved Trettholmen/Maggen vikla storseglskjøtet seg inn i ein vinsj/sveiv og eg fekk ikkje skjøytt inn storseglet. Stress!! Fekk etter kvart skjøytt inn og tatt eitt rev igjen. Segla ikkje optimalt på legget mot Bognestraumen og Mathilda segla forbi meg. FS2 først i mål, deretter Mathilda og eg 18 sekund etter Mathilda. Resultatliste ligg her.

Søndag var det klart for Mangersfjorden rundt. Strålande vær og ca 3 m/s frå aust i starten. I dag var Wenche med men eg tok også dette som trening til Bergen singlehanded. Segla litt for langt vekk frå startlinja siste minuttane før start og fekk ein dårleg start. Fekk opp spinnaker ved Steinholmen og segla mot bøyen ved Trettholmen/Maggen. Det vart platt lens og liten fart. Mathilda, som kom best ut frå start, og FS2 skar vestover og jibba deretter mot merket. Mathilda runda klart først, deretter FS2 og eg. Fram mot sørspissen av Toska segla eg forbi FS2. Mot Kvernane segla eg også forbi Mathilda som segla litt nært Toskalandet. Fin medstraum no. Når me nærma oss Skjelanger forvann vinden og her vart me liggjande ein halvtimes tid. Då kom vinden igjen med 1 m/s frå nord. Me sleit oss etterkvart rundt Kvernane. FS2 først og X-faktor rett bak. Anchrissi som nr. 3.

Frå Kvernane til Skjelanger (Eldsneset) segla eg forbi FS2.

Bak rundar Anchrissi, Mathilda og Kilroy Kvernane.

Her nærmar eg meg Skjelanger og eg klar til å setja spinnaker.

Var raskt oppe med spinnakeren og segla godt innover mot Bognestraumen.
Etterkvart dreia vinden og spinnakeren måtte ned. Til slutt vart det kryssing mot merket ved Bognestraumen. Overstod litt ved siste slag mot merket.

Her er sporet for heile regattaen. Me dreiv nordover når med låg i vindstilla ved Skjelanger.

Etter runding ved Bognestraumen vart det skarp slør mot Mangersvågen i 3 - 4 m/s. Gjekk i mål nesten 10 minuttar før FS 2 og 14 minuttar før Mathilda.
På korrigert tid hadde likevel Mathilda 1 minutt og 37 sek betre tid så det vart 2.plass i dag.
Her er heile resultatlista.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar