lørdag 1. februar 2014

Vedlikehald av vinsjane

Eine vinsjen på hyttetaken rauk under Neglespretten. Det var eit tannhjul som mista eine tanna! Har bestillt nytt tannhjul men har fått beskjed om at det er ein månads leveringstid. I mellomtida har Andre sølvlodda tannhjulet. Det held ei stund seier han.
Eg har ikkje vore so flink å reingjera vinsjane og smørja dei opp igjen, men no har eg gått over alle vinsjane. Gjort dei skikkeleg reine med white spirit og smurd dei opp igjen.

Her har eg plukka frå kvarande Lewmar 16 ST one-speed vinsjen. 
 
Her er tannhjulet reparert. Eg får sjå om eg får tak i nytt tannhjul. Dersom ikkje vil eg kjøpa ny vinsj. Vil gå opp ein størrelse og få ein vinsj med 2-speed.  

Her er genoavinsjen, Lewmar 40 ST 2-speed, reingjort og smurd opp.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar