tirsdag 11. februar 2014

Snart klar for Snøføyka 2014

X-faktor er snart klar for Snøføyka 15.februar 2014. Det er RAN seilforening som er arrangør og starten går ved Anglevik på Sotra kl. 12.
På søndag tok eg av presenningen. I dag har eg sett på storseglet og hatt ein omgang med Rophs børsten under båten. Det vart ikkje mykje skit på mikrofiberkluten så dette ser bra ut.
Har streva litt med å få mannskap denne gongen, men idag spurde eg Bjørn Rundhovde som svara ja på ståande fot! Eivind Tysse og Morten Ådland er også med.

1 kommentar:

  1. Det er meldt mykje vind 15/2, opp i 19 m/s ved Ramsøy. Eg bestemte derfor om førmiddagen 14/2 at me ikkje deltek. Om kvelden 14/2 har RAN seilforening vedtatt å avlysa/utsetja regattaen. Dei vil søkja Hordaland seilkrets om å få flytta regattaen til 15/3. Vi får prøva igjen då.

    SvarSlett