mandag 6. januar 2014

Neglespretten 2014

X-faktor er påmeldt til Neglespretten (arr. Åsane seilforening) som går på Byfjorden i Bergen laurdag 11.januar. Seglasen er med i Hordaland seilkrets sin Vintercup.
Til no er 32 båtar påmeldt, men det kjem nok fleire. I vår klasse, 0,931 - 1.000 i rating, er det til no påmeldt 13 båtar. Her stiller både Nikita, Silje, Gleden og resten av gjengen opp!
Værmeldingane tyder på mildt vær og litt regn. Kan også sjå ut som om det vert lite vind. Vi får sjå korleis meldingane utviklar seg utover i veka.
X-faktor seglar til bydn fredag. Fredag kveld er det seglarkro på Zachen kl. 19.
Føl med her: www.aasane.no

                               Her eit bilde frå Neglespretten i 2010. Då var det kaldt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar