søndag 12. januar 2014

5.plass i Neglespretten

Laurdag 11.januar var det klart for Neglespretten 2014. Mannskap denne gongen var Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Lasse Djupevåg, Karen Margrete Riisnes og skipparen. Det hadde vore svært varierande værmeldingar dei siste dagane men på laurdagmorgon gjekk værmeldingane ut på nordleg svak vind og opplett. Starten skulle gå kl. 12 ved Våganeset og me var ute i god tid slik at me fekk segla litt før start. Me starta i 2 puljar og me var i 1. pulje. Det var tett i startfeltet og me segla fram og tilbake i 7 knop før start. Me tima starten dårleg og var for tidleg ute, men me kom oss såvidt på rett side av babord startbøye men hadde då mista farten i båten.

Her er bilde frå ba.no med tekst:
"X-faktor (nærmest) med skipper Harald Matland fra Nordhordland Seilforening var en av 38 båter som var med i Neglespretten".
No var det kryssing nordover og me skulle runda bøye ved Hop på Askøy. Me slo oss nordover langs Tertneslandet (var vel den båten som gjekk lengt nordover her). Når me slo stod me rett på merket og gjorde eit godt legg. Me fekk opp spinnakeren idet me runda merket. No bar det sørover til runding ved Nordnes. Me valde å gå på Askøysida og meiner at me tente på det. Runda bøyen på Nordnes samtidig som Amaryllis og Rebell. Me hadde no ein liten ledelse på Gleden og Silje.
No var det kryssing nordover mot bøye ved Bakarvågen. No vart det til tider lite vind nede i 1,5 m/s. Tok seg etterkvart opp og me runda bøyen ved Bakarvågen i god fart. Igjen hadde me hatt eit godt legg i høve til Gleden og Silje som gjekk på austsida og fjorden. Frå Bakarvågen skulle me no til runding bøye ved Helleneset. Her var det ca 100 graders sann vind så me ville setja spinnaker. Heisinga var ikkje godt nok førebudd så her gjekk det litt for i svingane. Fall og bras var ikkje klart og når vinsjen som me hadde fallet på svikta, skar dette seg. Spinnakeren vart hengjande 6-7 meter på sida av båten og dette fekk me høyra frå mange etter seglasen. Det vart antyda at me hadde drive med kiting ! Me fekk no spinnakeren opp til slutt. Me jibba rundt merket ved Helleneset og sette kursen mot Nordnes igjen. No var det bra vind og me var oppe i 7-8 knop på GPS'en.
Me hadde fått litt meir avstand til Gleden no, og slo dei med 12 sekund på korrigert tid. Me vart godt fornøyd med seglasen og plasseringa.
Her er ein filmsnutt frå NRK. Eit lite øyeblik kan du sjå kitinga på filmen.
http://www.nrk.no/video/neglesprett_110114w_ho/9133FB724BE93F2C/

Her eit bilde som Kristian Øpstad - mannskap på Banner 28 "Sasha" -tok når me segla mot Nordnes første gongen. Tussi i bakgrunnen.  Klikk på bildet for full størrelse.

Resultatlista finn du på www.aasane.no

Litt fleire bilder som eg fant på nettet: (klikk på bildene for full størrelse)
Dette bildet er tatt før start
                                 Her nærmar me oss runding ved Nordnes


Her rundar me bøyen på Nordnes rett bak Amaryllis og innanfor Rebell.

Kiting !

Gå inn på denne linken for å sjå mange andre flotte bilder frå Neglespretten 2014:
 http://www.hundven-clements.com/client_projects/sailing/neglespretten2014/ 

Her er AIS-sporet til X-faktor henta frå www.marinetraffic.com.
Første delen av løpet, frå start til Morvik kom ikkje med.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar