mandag 7. januar 2013

Neglespretten 2013

Laurdag 5.januar 2013 var det klart for Neglespretten. Mannskap var Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Bjørn Rundhovde og skipparen. 36 båtar stillte til start. Det var svært lite vind og mykje straum i mot. Løpet vart avkorta ved første merke etter ca. 2 timars segling. Båtane kom ganske samla til mål slik at dei med lågast lystal i klassen kom best ut. Me var nr. 2 i klassen over mållinja, men kom på 10.plass av 15 båtar i vår klasse 1,16 - 1,24.


Ved Shetland Larsen brygge fredag 04.01.2013.
 Karl Otto monterer nye mellomvant.
 Avkorting ved første merke. Her er Cermedez og Storm. Det skulle verta tett ved mållinja.
 Her var det mykje skrik og skrål. Det hjelper lite å skrika styrdbord i ein slik situasjon.
Tørking av segl høyrer med til vinterseglinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar