søndag 12. mai 2019

NHS Vårregatta 12.mai

I dag vart NHS Vårregatta arrangert på Mangersfjorden. 7 båtar stillte til start.
Eg segla X-faktor singlehanded i dag. I tillegg var eg startbåt, så eg kom litt seint ut i starten.
Flotte forhold på Mangersfjorden i dag med vind på 3 - 6 m/s.

X-faktor sitt spor på Marinetraffic. God dekning på Marinetraffic då eg har stasjon heime hos meg.
Ved første merkerunding ved Toskavegen var Mathilda ca 5 minuttar før meg. Denne avstanden held seg nokonlunde gjennom heile regattaen.
Etter runding Kvernane vest for Skjelanger var det spinnakerføre. Eg drøya litt med å setja spinnaker slik at eg unngjekk spinnakerjibb. Hadde fin spinnakerseglas inn mot Bognestraumen i opp i 7 knop.
Nedtak av spinnaker gjekk fint, og etter runding av Blodflu lykt var det seglas med stikk i skjøtet mot Mål i Mangersvågen.

Her er resultatlista.

Johnny Nordskag tok eit flott bilde av X-faktor:


tirsdag 7. mai 2019

Påfyll av kjølemedie til kjøleboksen

Kompressoren har gått nesten konstant i den seinare tid. I dag fekk eg ein kjølemontør til å fylla på 60 gram kjølemedie. Det var ventil til å fylla på med.
Dette var fort gjort. Kjølemontøren hadde instrument til å kontrollera om det var lekkasje. Det var det ikkje.



søndag 5. mai 2019

Nytt startbatteri

Eg fant ut at det var på tide å skifta startbatteriet.
Det vart eit AGM Batteri frå Maritim på 60Ah.


lørdag 27. april 2019

Sjøsetjing 27.april

Etter eitt halvt år på land på Litlebergen vart X-faktor sjøsett i dag, 27.april.


onsdag 17. april 2019

Bunnstoff. Første strøk med VC 17 på 30 sekund



Har påført 2 strøk med VC 17 i dag + eitt strøk med Hempel Hard racing på roret.
No er X-faktor klar for sjøsetjing, men eg må venta til 27.april !!


lørdag 13. april 2019

Roret er på og X-faktor er nypolert.

Nypolert og voksa

Lørdag 6.april vart X-faktor løfta opp 60 centimeter slik ar roret kunne setjast på. Kvadranten til styringa og autopiloten er montert på igjen.
I går polerte eg, og i dag har eg voksa skutesidene. Brukar Jotun Marine polish og Jotun Hardwax. Den nyinnkjøpte poleringsmaskina gjorde jobben.
No er det vassliping av bunnen, og påføring av 2 strøk VC 17 som står igjen.

Roret er på.

Legg til bildetekst

onsdag 3. april 2019

Nærmar seg sjøsetjing

X-faktor skal sjøsetjast 27.april. Det vert lenge å venta.
I går tok eg av presenningen. Sette på ny tærezink på drevet. Spraya drevet med bunnstoff.
I dag har eg vaska overbygg, dekk og skutesidene. Monterte på igjen kick'en.

Eg vil prøva å få løfta båten opp 60 cm slik at eg kan montera roret på igjen før sjøsetjing.
Båten skal polerast og voksast. 2 strøk med VC 17 skal påførast.