mandag 19. mars 2018

Isbjørnseilasen 2018

17.mars (Wenche sin bursdag !) arrangerte Bergens seilforening Isbjørnseilasen (Isbjørnen).
Eg segla X-faktor til Bergens seilforening på fredag. Starta frå Manger kl. 12, og var framme i BS kl. 16.30 etter ein fin seglas sørover Hjeltefjorden.
Her ein liten videosnutt frå fredagens seglas:


Det var berre Torkjell som kunne stilla som mannskap, så det vart doublehandedklassen. Her var det 4 båtar av dei ialt 15 påmeldte båtane.

Det var meldt svært lite vind på Raunefjorden. Varselsignal var kl. 12 laurdag og starten gjekk kl. 12.05. Me hadde grei start, og spinnakeren kom raskt opp. La oss litt til barbord i feltet. Segla mot runding Spikaren. Ei stund før runding var vinden for skarp til spinnaker og me heiste genoaen. Me kom litt for langt bort frå Spikaren, og vidare mot Tangeflua, nordst på Lerøyna, kom me litt for lang sør. Segla bra ei stund, men me måtte pina oss rundt neset før Tangeflua. Vidare mot rundingsbøyen ved Klokkarvik vart det spinnaker igjen ei stund. Deretter vindstille, og feltet samla seg, og så litt vind rett imot ! Me runda rett etter FS 2. No var det vidare mot Tangeflua igjen der det vart avkorting og målgang.
På dette legget vart me varsla om at Danmarksbåten skulle koma og feltet delte seg i to for å gje plass. Me segla mot Sund-landet saman med m.a. FS2 og Vito. Båtane som gjekk på andre sida kom betre ut. Kom oss i mål før FS2, rett etter Vito. Det må me vera fornøyde med under desse forholda.

Her ein lite video. Ikkje mykje action:


Laurdag kveld vart det middag og premieutdeling kl. 18.00. Her er resultatlista.
Her er tracking av regattaen.

Kveldsstemning i BS

X-faktor ved kai i BS

Søndag morgon
Starta kl. 08.00 på søndag og gjekk for motor heim. Var heime kl. 12.30.

mandag 12. mars 2018

Snart klar for Isbjørnseilasen 2018

Fekk på storseglet idag, og X-faktor er snart klar for Isbjørnseilasen eller Isbjørnen 2018. Starten går kl. 12 laurdag 17.mars. Arrangør er Bergens seilforening. X-faktor seglar til Bergens seilforening på fredag. Eg er spent på om det er isfritt i Kvitturspollen.
Meir info finn du her. Pr. idag måndag er det berre påmeldt 8 båtar. Håper det vert fleire. Det er meldt flott vær med svak vind frå aust, sol og eit par minusgrader.

Flott på Manger idag. Sol, 5 plussgrader og ein liten nordavind. Isfri hamn sjølvsagt.

søndag 7. januar 2018

Neglespretten 6.januar 2018

Fredag 5.januar segla Wenche og eg X-faktor til Zachen i bydn der mannskapet skulle mønstra på laurdag. Det vart ikkje noko god nattesøvn i båten. Eit par cabincruisarar synes at alle skulle få høyra på musikken deira heilt fram til kl. 6 om morgonen. Politiet var der eit par gonger i løpet av natta og bad dei roa ned, men det hjelpte ikkje. Dette er synd for Bergen Havn. Eg synes å kjenna igjen den eine cabincruisaren frå tidlegare i Bergen Havn. Nok om det.
Fredagskveld ved Zachen.
Totlt var det påmeldt 29 båtar.
11 båtar i vår klassen med rating 0,941 - 0,999. Her var mange gode båtar/seglarar. Gleden hadde lågast rating i klassen, 0,942. X-faktor nest lågast med 0,955.
Mannskapet kom kl 10 laurdag: Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Karen Margrete Riisnes og Claus Gladyszak. Værmeldinga var sol frå klår himmel, minus 1 grad og 2 - 3 m/s frå N/NØ.
Me kom oss tidleg på fjorden og segla utover mot startområdet i Eidsvågen. Her var det lite vind. Starten vart utsett litt, men 12.07 vart me sendt avgarde. Løp nr. 4. Vinden i startområdet var frå SØ 0,5 - 1 m/s så det vart spinnakerstart. Me var omtrent på linja i starten, men det var tett og nesten ikkje styrefart.

Rett etter start
No var det å segla mot første merke nord for Strømsnesholmane. Me vade å ikkje gå ut i fjorden, men halda oss på Tertnessida. Me kunne sjå at nordavinden nærma seg. Me kom ikkje med i gjengen som først fekk nordavinden og som kunne segla full fart på kryss mot første merke. Me låg i omtrent vindstilla med vinden rett frå akter. Vinden kom omsider også til oss, og me runda merket og sette spinnakeren igjen.
Etter runding av første merke
No bar det mot merke ved Bakarvågen. Tok eit par-tre jibbar for å halda oss ute i fjorden.
Jibba rundt merket ved Bakarvågen og skulle no mot merke ved Hegreneset. Me valde å halda oss ute i fjorden. Gleden som hadde vore oppe i hekken på oss etter runding ved Bakarvågen valde å segla nærare Helleneset.

Bilde tatt frå Gleden. Fotograf Harald Gjøsæter
No segla me oss oppover i feltet. Jibba fleire gonger ute i fjorden og fekk fin skjæring mot mål ved Hegreneset der seglasen vart avkorta. Me var 10 minuttar før Gleden i mål.Det skulle halda til å slå dei på korrigert tid. Var også før Vito4 i mål.
Målpassering

Lazy, FS2 og Levens kom seg avgårde i første pulje ved første merke, og var eit godt stykke framfor oss. Levens med rating 0,995 var likevel berre 2 minutt før oss i mål på korrigert tid.
Dette kunne me vera fornøyde med. Det vart 4.plass i klassen etter vel 2 timars seglas.
Takk til mannskapet for god jobb! Dette vart ein fin januardag på fjorden.

Resultatliste

Her er sporet på kartplottaren. Start ved Våganeset. Deretter NV-over og vestover til første merke ved Askøy. Deretter sørover rundt merket ved Bakarvågen. Så til mål ved Hegreneset.  95% spinnakerseglas.


Eg segla tilbake til Manger etter seglasen då det var meldt dårleg vær på søndag. Fortøydde i hamna kl. 17.45.

tirsdag 5. desember 2017

Lithiumbatteri ?

Forbruksbatteria i X-faktor er frå april 2012. Dette er 2 stk 70Ah AGM batteri frå Biltema.
Dei fungerer greit enno, men eg har begynt å tenkja på å skifta til lithium batteri. Hadde vore greit å sleppa å stressa med landstraum på Seilmakeren doublehanded, og motorlading undervegs til Shetland. Hadde også vore greit å kunna vera nokre dagar på tur, og kunna bruka kjøleboksen, utan landstraum og motorlading.
Vurderer derfor eitt stk LiFePo4 lithium batteri på 100 Ah.
Har vore i kontakt med Makspower, og dei opplyser at eg framleis kan bruka Sterling Pro Reg D regulatoren som eg har montert og som gir god lading frå dynamoen.
Eg må derimot ha nytt skillerelé melom start og forbruksbatteri , og ny regulator på solcellepanela. Skillereléet må vera elektronisk. Solcelle-regulatoren som eg har i dag pulsladar, og LiFePo4 batteria skal ikkje pulsladast. I tillegg bør eg ha ein batterimonitor.
Dermed vert dette kostbart.