Eg segla X-faktor til Bergens seilforening på fredag. Starta frå Manger kl. 12, og var framme i BS kl. 16.30 etter ein fin seglas sørover Hjeltefjorden.
Her ein liten videosnutt frå fredagens seglas:
Det var berre Torkjell som kunne stilla som mannskap, så det vart doublehandedklassen. Her var det 4 båtar av dei ialt 15 påmeldte båtane.
Det var meldt svært lite vind på Raunefjorden. Varselsignal var kl. 12 laurdag og starten gjekk kl. 12.05. Me hadde grei start, og spinnakeren kom raskt opp. La oss litt til barbord i feltet. Segla mot runding Spikaren. Ei stund før runding var vinden for skarp til spinnaker og me heiste genoaen. Me kom litt for langt bort frå Spikaren, og vidare mot Tangeflua, nordst på Lerøyna, kom me litt for lang sør. Segla bra ei stund, men me måtte pina oss rundt neset før Tangeflua. Vidare mot rundingsbøyen ved Klokkarvik vart det spinnaker igjen ei stund. Deretter vindstille, og feltet samla seg, og så litt vind rett imot ! Me runda rett etter FS 2. No var det vidare mot Tangeflua igjen der det vart avkorting og målgang.
På dette legget vart me varsla om at Danmarksbåten skulle koma og feltet delte seg i to for å gje plass. Me segla mot Sund-landet saman med m.a. FS2 og Vito. Båtane som gjekk på andre sida kom betre ut. Kom oss i mål før FS2, rett etter Vito. Det må me vera fornøyde med under desse forholda.
Her ein lite video. Ikkje mykje action:
Laurdag kveld vart det middag og premieutdeling kl. 18.00. Her er resultatlista.
Her er tracking av regattaen.
Kveldsstemning i BS |
X-faktor ved kai i BS |
Søndag morgon |
Lite vind ja - ser at storseilet levde sitt eget liv. Fulgte dere en stund på "marine trafikk "utenfor klokkarvik. Ø
SvarSlettHei Einar. Det er litt dårleg dekning for Klasse B båtar (fritidsbåtar) på Marinetraffic i området der regattaen vart segla. Skulle vore nokon i Hjellestadområdet som ville ha ein stasjon for Marinetraffic.
SvarSlett