torsdag 5. mai 2011
Vårpuss
X-faktor er på land for vårpuss. Her er polering og voksing gjort. Kun bunnsmøring med 2 strøk VC17 gjenstår. Sjøsetjing mandag 9.mai.
lørdag 30. april 2011
torsdag 21. april 2011
Fedje
Segla ut til Fedje Skjærtordag. Lett skodde. På Fredag var det skyfri himmel, men lite vind då me segla tilbake til Manger. 7 seglbåtar ved Holmen natt til fredag!!
lørdag 19. mars 2011
2.plass i klassen på Isbjørnen
Fleire bilder på BS si side finn du her. Det vart 2. plass i klassen. Sasha, ein Banner 28, slo oss på korrigert tid. Det var ein kjempefin dag på sjøen. Regattaen starta kl. 12 og me var i mål 15.03. Vinder varierte mellom 3 og 6 m/s. Løpet gjekk frå startområdet i Raunefjorden sørover Lerøyosen, rundt Kyrholmen i Austevoll, rundt Blia og tilbake til Raunefjorden. Overall vart me nr. 6. Etter å ha sett av mannskapet Aage, Morten, Torkjell og Eivind hos Bergens seilforening segla eg tilbake til Manger. Var heime kl. 20.10.
Fotoalbum: https://photos.app.goo.gl/mgJmy4AdK8L496Bs7
fredag 4. mars 2011
Isbjørnen 19.mars 2011
fredag 11. februar 2011
Overallseier i Snøføyka 2011
Torkjell kunne ikkje vera mannskap på Snøføyka, så det vert lite mannskap. Det er meldt 4-5 m/s frå SØ og rundt 0 grader. Delvis skya opphaldsvær. Dette vert fint.
På bildet frå fredags ettermiddag har storseglet kome på og X-faktor er klar.
Det vart overallseier i Snøføyka 2011. Eg kom i skade for å ødeleggja dette innlegget. Her er fotoalbum frå Snøføyka 2011 https://photos.app.goo.gl/qDxVNDFJNwME8N8t6
tirsdag 8. februar 2011
Snøføyka 12.februar
X-faktor er påmeldt til Snøføyka laurdag 12.febriar 2011. Det er RAN seilforening som er arrangør, og regattaen har start og mål i Anglevik på Sotra. Elles går løpet i Hauglandsosen. Regattaen inngår i Vintercupen til Hordaland seilkrets. Mannskap vert, utanom skipparen, Morten Ådland, Eivind Tysse og forhåpentlegvis Torkjell Tolo.
Er det andre som har lyst å vera mannskap??? Ring meg på 90121617. På bildet ser du X-faktor under Snøføyka i 2010.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



