lørdag 19. mars 2011

2.plass i klassen på Isbjørnen



Fleire bilder på BS si side finn du her. Det vart 2. plass i klassen. Sasha, ein Banner 28, slo oss på korrigert tid. Det var ein kjempefin dag på sjøen. Regattaen starta kl. 12 og me var i mål 15.03. Vinder varierte mellom 3 og 6 m/s. Løpet gjekk frå startområdet i Raunefjorden sørover Lerøyosen, rundt Kyrholmen i Austevoll, rundt Blia og tilbake til Raunefjorden. Overall vart me nr. 6. Etter å ha sett av mannskapet Aage, Morten, Torkjell og Eivind hos Bergens seilforening segla eg tilbake til Manger. Var heime kl. 20.10.

1 kommentar:

  1. Eg trur det vert 1.plass i Hordaland seilkrets sin Vintercup i LYS-klasse 1,16 - 1,24. Når Hanna Marie og Nikita ikkje stillte opp, og Gleden grunnstøtte og ikkje fullførte står X-faktor med ein 1. plass, ein 2. plass og ein 5.plass. Gleden tar 2. plassen med ein 2.plass, ein 3. plass og ein 4.plass. 3.plassen går til Silje frå Stord. Me får sjå når lista vert lagt ut.

    SvarSlett