mandag 8. juni 2026

Bergen Race Weekend 6. og 7.juni 2026

X-faktor hadde ein fin seglas innover Hjeltefjorden fredag ettermiddag på veg til Bergens seilforening der Bergen Race Weekend skulle arrangerast. Eivind Tysse kom ombord fredagskvelden.

Laurdag kl. 9.30 var det skipparmøte, og deretter gjekk me ut til startområdet ved Bjelkarøy-Buarøyna. Dei 4 båtane i doublehandedklassen skule segla distanseseglas, og dei andre 9 båtane med fullt mannskap skulle segla baneseglasar. Starten vår vart utsett ei stund p.g.a. lite vind, men etterkvart vart me sendt avgårde i svært lite vind. Løpet gjekk ut til runding Austraflua ved Bakkasundbrua. Me kryssa utover i svært lite vind. Ved Kleppholmen tok vinden seg opp og me kunne etterkvart segla rett mot rundingsmerket. Vinden var på det meste opp i vel 5 m/s. Etter runding sette me spinnaker som me segla med til mål. 

Spinnaker innover Korsfjorden.

Vinden minka når me nærma oss mål ved Horsøyna.

Resultat Race 1 laurdag:


Laurdag kveld var det grillmat og sosialt samvær. God stemning!

Søndag var det igjen skipparmøte kl. 9.30. Søndag skulle alle segla distanseseglas med fellesstart. Starten var lagt til sør for Buarøyna/Horsøyna. Starten vart utsett, men etterkvart vart me sendt avgarde mot rundingsmerkje Bleikjo utanfor Kolbeinshamn.  Svært lite vind i starten i dag også. X-faktor fekk ein kjempegod start ved styrbord merke. Etterkvart måtte me slå oss vestover p.g.a. at Aquasense gjekk høgare enn X-faktor. Me segla no mot Nordaustre delen av Austevoll og dette gjekk bra. Etter Litle Laugarøy kunne me segla mot Bleikjo, og det var fin vind. Me runda Bleikjo rett etter Levens og sette kursen nordover. Etterkvart kunne me segla spinnaker. Lite vind ved Korsneset. Mot mål auka vinden og me segla genoa mot mål.

Resultat Race 2 søndag. Svært jevnt.


Bergen Race Weekend
Samanlagt Doublehandedklassen

X-faktor var tilbake i heimehamna søndag kveld kl. 22.00.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar