søndag 31. mai 2026

Seilmakeren doublehanded 2026 - NM Doublehanded

Då er NM Doublehanded/Seilmakeren doublehanded unnagjort.

Regattaen starta fredag 29.mai 2026 kl. 17.00 i Hauglandsosen Askøy i mykje vind . Båtane var inndelt i 2 klassar med 22 og 18 startande båtar.

X-faktor var i klassen med 22 startande båtar og me kjempa oss til ein 4.plass. Me var i mål ved Klokkarvik laurdag kl. 14.04, etter 21 timar og 4 minutts seglas.. Då hadde me segla sørover til runding Ramsholmane utanfor Ryvarden fyr og tilbake.

Dette var 15 gongen Torkjell Tolo var makker på Seilmakeren DH og min 19 gong eg segla regattaen. Me har fullført alle gongane me har deltatt. 

Her er resultatliste for vår klasse. (Velg HOVEDKATEGORI Liten for vår klasse)

Bilde frå premieutdelinga søndag 31.mai på Askøy seilsportsenter. Torkjell var ikkje med på premieutdelinga.

Her har me runda Ramsholmane på morgonkvisten og sett kursen nordover

Her nærmar me oss mål ved Klokkarvik. Seglar spinnaker innover Korsfjorden.

Eg filma ein del med GoPro kamera, so det kjem nok ein YouTube video etterkvart.

Askøy seilforening tok og mange bilder og videoar under regattaen, desse er ikkje tilgjengeleg enno, men kjem etterkvart.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar