Regattaen Isbjørnen vart arrangert av Bergens seilforening 21.mars 2026.
![]() |
| X-faktor i Bergens seilforening 20.mars 2026 |
X-faktor stilte i doublehanded-klasssen der det kun var X-faktor og Gleden som stillte. I klassen med fullt mannskap var det 12 båtar. Torkjell Tolo var mannskap denne gongen som trening til Seilmakeren DH. Start og mål var i Raunefjorden. Løpet som var vald var frå start: rundt Spikaren, Tangeflu stake, Kyrholmen, Blia, Tangeflu stake, Spikaren og mål, ca. 19 nm. Det var meldt sørleg vind 6-7 m/s med vindkast på 9 -10 m/s. Me valde å segla med den tunge genoa 1. Skulle nok vald genoa 3. Me segla med for stort forsegl over Korsfjorden mot Kyrholmen. Der kunne med nok også hatt eitt rev i storseglet. Me hadde ein god start, men etter eit par slag følgde eg ikkje godt nok med og me måtte slå tilbake for å vika for Aquasense. Etter runding Kyrholmen var det klart for skarp spinnakerslør mot Blia. Me rota det til med når me skulle setja spinnaker, og det vart mykje stress. Hadde også ein broach. Fekk likevel tatt ein spinnakerjibb rundt Blia og held fram mot Lerøyosen med spinnaker. Det var sopass skarpt at det var so vidt me greidde dette. I Lerøyosen var det greit. Me trudde me kunne jibba ved Tangeflua og halda fram med spinnaker, men det var nok for godt til å vera sant. Me fekk ned spinnakeren i ein fart, og opp igjen med genoaen. Hadde bra fart mot Spikaren, men Gleden som no segla med gennaker tok innpå. Ved Spikaren kunne me ha segla spinnaker mot mål, men eg orka ikkje det no. Gleden kom nok uansett til å slå oss på korrigert tid. X-faktor var i mål etter å ha segla i 2 timar 44 min og 32 sek. Det viste seg å halda til seier i DH-klassen. Me slo Gleden med 32 sekund på korrigert tid!
Spor frå Marinetraffic:



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar