fredag 3. oktober 2025

Høststormseilasen 13. og 14.september 2025

 Den tradisjonsrike regattaen Høststormseilasen vart arrangert av Nordhordland seilforening 13. og 14.september 2025. Regattaen vart første gong arrangert i 1993. 

33 båtar var påmeldt. 10 av desse i Doublehandedkassen der X-faktor var påmeldt. Start laurdag og målgang søndag var i Mangersfjorden, og målgang laurdag og start søndag var ved Kilstraumen i Austrheim.

Ombord i X-faktor var Eivind og eg. Laurdag var det meldt sørleg vind. Ute ved Rongevær var det meldt 10 m/s med vindkast på 15 m/s. Starten kl. 12.00 gjekk i år utanfor Husebøvågen. Det var ei god løysing. Me fekk ikkje heilt med oss at det var fleire startar, men såg klasseflagg D som var DH-klassen, og me var i første start. Fekk ein god start. Eg meiner me var første båt over startlina, og fekk opp spinnakeren. No segla me utover Hjeltefjorden.

Utover Hjeltefjorden (Foto: Jon Ingar Kjenes)
Utover Hjeltefjorden. Sheep dip og Ren Glede framfor. (Foto: Jon Ingar Kjenes)

Me runda Svartskjera lengst nord på Radøy, og segla mot Kyrkjeflua i Austrheim. Me jibba spinnakeren ved runding der og held fram mot Mikkelsbåen ydst i Rongeværet. Me segla no spinnaker for babord halser.

På veg mot Kyrkjeflua. Foto Jon Ingar Kjenes

Når me nærma oss Mikkelsbåen planla me korleis me skulle jibba. Det blas no 10-11 m/s. Plutseleg kom det voldsom vind og me brocha. Vindmålaren viste 15 m/s. Fekk etterkvart styring på båten og vinden i hekken. Fekk ned spinnakeren, og jibba storseglet. Sette no kurs mot Hillesøyflua lykt inne i Fensfjorden. Me segla no for berre storsegl i stor fart. Fekk etterkvart opp genoaen (den tunge #1) og etter ei stund også opp igjen spinnakeren (uten å få BH !). Me kom frå dette utan skadar på korkje  mannskap eller utstyr. Det var ein del spinnakerar som rauk i denne vinden som stod på som verst i ca 10 minuttar.

Bilde lånt frå NHS si side. Foto: Bjørn Flataker

Ved runding Hillesøyflua hadde vinden minka mykje, og det vart no ein kryss i til dels svært lite vind mot mål i Kilstraumen. Målgang vart avkorta ved Storestonga før innløpet til Kilstraumen.

X-faktor ved målgang laurdag.

X-faktor var i mål som båt nr. 4 av alle båtane. No var det samling i Kilstraumen, flott middag og premieutdeling og prat hos Kilstraumen Brygge.

Resultat DH-klassen laurdag. Mathilda slo oss med litt over 6 minuttar på korrigert tid laurdag. Mathilda og X-faktor hadde dei to beste korrigerte tidene laurdag av alle båtane !


Spor laurdag frå Mangersfjorden til Kilstraumen

Søndag var det meldt roleg vind og flott vær. Starten gjekk kl. 11 ved Vardetangen i svært lite vind. Spinnakerseglas. 

Rett etter start søndag. Ren Glede og X-faktor til høgre i bildet. (foto: Jon Ingar Kjenes)

Me fekk omsider fri vind, og segla mot Hillesøyflua stake. Etter ein jibb når me nærma oss Byrknesøy stod me fint mot rundingsmerket. Deretter var det skarp spinnakerslør mot Mikkelsbåen/Rongevær. Hadde god fart her og greidde å få litt avstand til Mathilda. Etter å ha passert Mikkelsbåen tok me ned spinnakeren og heiste den nye Genoa 1. No gjorde båtane forskjellige vegval. Eg hadde ein plan om å segla vidare mot Fedje. Dette gjekk bra. Eivind sjekka værmeldinga og såg at vinden skulle dreia litt på sørvest. Når me var vel halvveges over til Fedje slo me og segla i ein bue mot Kyrkjeflua. Såg at me segla betre enn båtane som slo seg sørover nær Austrheimlandet. Seglasen vart avkorta ved Kyrkjeflua. Me måtte ta eit lite slag rett før mål. Dette såg bra ut. Me var tredje båt i mål. Segla forbi Aquasense eit stykke før mål.

X-faktor segla forbi Aquasense rett før målpassering.


 Korleis låg Mathilda an?? Me følgde spent med etter å ha gått i mål. Ville dette halda til siger i dag?


Målpassering søndag ved Kyrkjeflua. (foto: Jon Ingar Kjenes)

Me prøvde å få med oss målpasseringa til Mathilda og rekna som besette. Jau dette skulle halda til siger søndag, og dermed til siger totalt i DH-klassen. X-faktor hadde beste korrigerte tid av alle båtane søndag.



Stor takk til Eivind som var co-skippar.

Spor søndag. (Manglar første delen)


1 kommentar: