Motoren i X-faktor, Yanmar 3GM30FC (27hk), er frå 1998. Det same er segldrevet Yanmar SD20. Motoren er bra, men brukar litt olja. Segldrevet må ha nye tetningspakningar, og det er mogeleg at akslingen er litt slitt (akslingen vart skifta i 2019). Belgen vart skifta i 2017, og det er derfor tid for å skifta den igjen. Vurderinga vart at det var tid for å skifta motor og segldrev. Bildøy Båt og Motor hadde kampanje slik at det var rabatt på prisen. Den gamle motoren og segldrevet skulle også vera mogeleg å selja på finn. (Motoren er seld. Segldrevet ligg på finn.no). Båten skulle løftast på land på Bildøy, men Eivind og eg skulle gjera jobben. Bildøy Båt og motor skulle løfta ut den gamle motoren og inn den nye. Elles var dei der dersom me trong hjelp.
Mandag 29.september vart X-faktor løfta på land rundt lunchtid.
![]() |
| X-faktor å land på Bildøy |
![]() |
| Segldrevet, Yanmar SD20, er tatt ut |
![]() |
| Den gamle motoren er tatt fram, og er klar for å løftast ut. |
![]() |
| Segldrevet er prima og påført Jotun drevspray. Glassfiberplata rundt drevet er limt på igjen og bunnsmurd med koparfritt bunnstoff. Propellen er montert på igjen og polert. |
Onsdag 1.oktober gjekk med til kobling og montering.
Nytt instrumentpanel med turteljar og timeteljar.
Torsdag 2.oktober vart eksosbenn og ny eksosslange frå bennet til lydpotta montert. Motorluka vart montert på plass igjen og båten vart rydda.
Sjøsetjing skulle vera fredag 3.oktober, men vart utsett på grunn av uværet Amy.
Tirsdag 7.oktober vart X-faktor sjøsett. Bildøy Båt og Motor kontrollerte og dokumenterte monteringa, starta opp motoren og var med på prøvekjøring. Deretter gjekk turen til Manger. Stor takk til Eivind som gjorde ein kjempejobb.
Videosnutt på veg til Manger: https://photos.app.goo.gl/KQGUCCy87uYZ9TVz8









Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar