tirsdag 26. august 2025

Stavanger singlehanded 23.august 2025 OPPDATERT

Onsdag 20.august segla eg frå Manger til Mosterhamn, torsdag 21.august frå Mosterhamn til Stavanger. Her fekk X-faktor plass i Stavanger seilforening si hamn på Grasholmen. 

X-faktor i Stavanger seilforening på Grasholmen

God og lun hamn

Regattaen Stavanger singehanded skulle seglast laurdag 23.august. 12 båtar var påmeldt, 11 båtar deltok.

Kl. 9.30 på laurdag var det skipparmøte i klubbhuset. Starten skulle gå ved Breivik aust i Stavanger.  Det var meldt ein nordleg vind som etterkvart skulle dreia nordvestleg. 3 m/s ved start og deretter aukande til opp i 7 m/s med vindkast på opp i 10 m/s. Løpet skulle gå nordover  med start kl. 11.00, vidare babordrunding Kalvøy, deretter babordrunding Talgje og så sørover til mål ved Breivik. Løpet var omlag 25 nm.

Eg segla med den nye Genoa 1. Kom greit ut i starten og runda Marøysteinen kort etter start som båt nr. 3 etter Swan 42 og Levens. Deretter var det runding Kalvøy. Her var det lite vind og det hadde vore mogeleg å ha oppe spinnakeren i 10 minuttar. På austsida av Kalvøy tok vinden seg opp, og det vart kryssing nordover. Vinden låg for det meste på rundt 4 m/s, men var også nede i 2 m/s. Etter 11 slag segla eg mot nordvestre spissen av Talgje. Overstod litt og hadde god fart, over 7 knop, mot runding. Mithrandir var rett bak X-faktor. Swan 42 var eit godt stykke framom, medan Levens , Bavaria Match35 og Bashford 36 var ikkje lagt framfor. Eg skulle ha sett opp spinnakerbommen og rigga til for spinnakersetjing før runding. Det var høg fart og mykje bølgjer, så eg venta litt. Fekk etterkvart opp spinnakeren og segla på same hals til eg tok ned spinnakeren ved Vassøykalven før siste legget inn til mål då vinden vart 90-100 grader med vindkast opp i 10 m/s. Eg såg på båtane framfor at det var utfordrande å segla spinnaker på dette legget. Eg hadde god fart med genoa 1. X-faktor var i mål etter 4 timar 33 minutt og 55 sekund. Utsegla distanse 26 nm. Dette held til 3.plass etter J70 som vann og Swan 42 som tok 2.plassen 25 sekund før X-faktor. Eg var nøgd med seglinga mi i dag.

Spor Stavanger singlehanded 2025

Etter regattaen var det tilbake til Stavanger seilforening. Her hjelpte me kvarande å pakka segl, og deretter var det premieutdeling i klubbhuset.

Premieutdeling i klubbhuset.

Resultatliste


Spinnakerseglas sørover



Søndag segla eg frå Stavanger til Haugesund. Mandag vidare til Manger. Var i heimehamna kl. 22.40.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar