Harald Gjøsæter har laga deltakarstatistikk for Seilmakeren doublehanded. Eg har deltatt og fullført 16 gonger. Torkjell har deltatt og fullført 12 gonger. Sjå meir i vedlagte artikkel.
Første gong eg var med var i 2007. Eivind og eg segla Eivind sin Mixer, og løpet gjekk heilt til Stavanger og tilbake. Eivind og eg segla også i 2008 med Eivind sin Mixer. Den gongen var det over 100 startande båtar og me vart nr. 2 i vår klasse og nr. 4 overall. I 2009 segla Eivind og eg Karisma (Comfortina 32). Den gongen gjekk løpet til Skudesneshavn og tilbake. Frå 2010 har me segla X-faktor. Eivind var co-skippar i 2014, elles er det Torkjell som har vore co-skippar. Klasseseier i 2011, overall-seier i 2016, klasseseier i 2019 og 2021.
Her er artikkelen til Harald Gjøsæter: https://sailracesystem.no/regattasystem/regatta/meny/8757/Deltakarstatistikkpr2023.pdf
Fotoalbum frå Seilmakeren DH i 2007. Turen starta med transportetappe frå Norheimsund til Askøy: https://photos.app.goo.gl/ipfjpgRH6QXcDyT97
På veg mot overall-seier i 2016. Foto: Trond J Hansen:
På veg mot Florø i 2011. Det vart klasseseier etter ein rask lens sørover frå Florø. Foto: Trond J Hansen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar