søndag 17. juni 2018

Rormannen singlehanded 2018

Laurdag 16.juni var det klart for Rormannen singlehanded. Kun 3 båtar stillte til start: Tjorven (Bavaria 41), Jenny (Bavaria 40 cr) og X-faktor. Bjørn er på ferie og Kjell H var på Bergenfest. Jan Vidar har flytta båten til BS.
Yr meldte fint vær med vind frå sør. 5 m/s på Byfjorden og 9 m/s ved Nordre Marholmen.
Starten gjekk kl. 11 ved Frekhaug kai. Kom greit ut for styrbord hals og slo ved Salhus. Deretter mot Askeneset. Vinden var på ca. 7 m/s. Eg segla med rullefokk og dacronstorseglet. Dacronstorseglet vert flatt og fint når eg stramar akterstaget godt.
Me skulle segla sør til posisjon N 60.29 i Byfjorden, så det vart eitt slag til når eg nærma meg Askeneset. Tjorven hang godt på. Jenny ligg meir forsiktig lenger bak.

Etter runding bar det nordover Herdlefjorden.
Etter Askeneset fant eg ut at det var forhold for spinnakersegling. Oppdaga når eg skulle laga til spinnakeren at den ikkje var pakka skikkeleg! Var berre grytt ned i bagen. Fekk orden på det etterkvart og heiste opp. Vindvinkelen var no skarpare og vindstyrken varierte mykje. Dette gjekk ikkje. Etter ein broach falt eg av og berga spinnakeren. Hadde likevel god fart nordover. Hjeltefjorden er vanskeleg å segla i sørleg vind. Det vert stor variasjon i både vindvinkel og vindstyrke.
Når eg nærma meg Det naua hadde det vore mogeleg å segla spinnaker ei stund, men eg var usikker på forholda. Med forrige broach friskt i minne vart det med tanken. Møtte hurtigruteskipet "Kong Harald" på det smalaste i Skjelangersundet så det var like greit å ikkje ha spinnaker oppe.
Passerte Nordre Hunden kl. 13.20.
No var det nordover Hjeltefjorden mot Nordre Marholmen. Vinden auka på i Hjeltefjorden. Låg på mellom 8 og 12 m/s. Var oppe i over 9 knop på loggen.
Før eg starta på kryssen etter Nordre Marholmen måtte eg ta eit rev i storseglet og rulla inn litt på fokken. Dette måtte gjerast på innsida av Marholmen. Det blas godt også der, så eg kjempa litt med å få reva, men det gjekk greit. Passerte Nordre Marholmen kl. 14.05. Hadde då hatt snittfart på nesten 8 knop frå Nordre Hunden.
Hadde no passeleg seglføring på kryssen og gjorde god fart sørover.


X-faktor etter runding av Nordre Marholmen. Foto: Mette Skjellanger
Kunne etter kvart stikka litt i skjøtet og låg i ca 7 knop.
På Mangersfjorden minka vinden til 6-7 m/s og eg kunne etterkvart ha full seglføring igjen.
Passerte Blodflua i Bognestraumen kl. 15:25. Dette vart også målpassering då det viste seg å vera umogeleg å segla gjennom Bognestraumen på grunn av svært lite/varierande vind og bortimot 2 knop motstraum.
Var ganske sliten etter denne seglasen. Trimmelina i storseglet slitna, elles alt OK med båt, utstyr og mannskap.
Resultatliste.

X-faktor på veg ut igjen til Manger etter målgang. Morkevika i bakgrunnen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar