mandag 14. mai 2018

NHS Vårregatta 13.mai 2018

Årets første klubbregatta i Nordhordland seilforening. 7 båtar stilte til start.
Mannskap i dag var barnebarn Johannes 9 år. Stor stas å vera med farfar på regatta.
Løpet me skulle segla var start ved Tjuvholmen, så rundt Sæbøflua og tilbake til Tjuvholmen. Litt over 7 nm.
Det var meldt lite og rotete vind, så dette vart spennande. I starten var det ca 2 m/s frå S/SØ. Platt lens. Me kom greit ut frå start for babord halsar. Mathilda kom for styrbord halsar og me måtte vika.
Rota fælt før me fekk opp spinnakeren. Gjekk fint nordover når spinnakeren først kom opp. Eit par jibbar ut mot Sæbøflua gjekk fint, og me runda flua som første båt.

Bilde tatt av Bjørn ombord i Mathilda. Framme ser me at X-faktor har tatt ned spinnakeren og rundar Sæbøflua.

No vart det kryssing sørover. Segla no mot Meland/Ådlandsvågen. Ville ikkje segla for nært land og slo. Dette var lite lurt og både Kilroy og Mathilda segla forbi oss. Det minka på vinden, og me segla kryss mot Vetås. Kilroy fekk bra forsprang på Mathilda og X-faktor som låg ganske likt no.
Etterkvart kunne me sjå at dei bakerste båtane hadde fått opp spinnaker og kom lensande innover fjorden. Etterkvart kom denne vinden også til oss. No var det å få tre om spinnakerskjøter og fall og få opp igjen spinnakeren. Dette gjekk bra og me segla mot mål i 4 - 5 m/s frå NV. Sleit litt i nokre jibbar. Kommentar frå Johannes: "Farfar, koffår løper du ?? "
Me nærma oss Kilroy før målpassering og var berre 50 sek. bak.
Mathilda vant til tross for litt problemer nordover og ved runding. X-faktor fekk 2.plass og Kilroy på tredje.
Tross periodar med veldig lite vind, vart det ein spennande regatta. Me brukte 2 timar og 20 minutt.
Resultatlista finn du her. Rapport på NHS si side er her.

Johannes tar stolt imot pokal for 2.plassen.



1 kommentar: