mandag 28. august 2017

NHS Sommarregatta 26. og 27.august 2017

Laurdag 26.august var det klart for NHS sin sommarregatta. Mannskap laurdag var Magne Iversen, Wenche og skipparen. Start kl. 14. 9 båtar stillte til start.
Det var meldt ein S/SV vind på 2 - 3 m/s. og dermed vart det start ved Krossnessundbrua, runding ved Bakarvågen og retur til Krossnessundbrua. Me kom bra ut frå start. Vinden var svak: frå 0,5 m/s til 2 m/s. Me låg først i feltet og fant ut at vinden låg ved Morvik. Hadde nokre dårlege slag, og FS2 segla forbi oss. Før Strømsnesholmane kom me oss forbi FS2 igjen. Dette veksla fram til merkerunding ved Bakarvågen. Der var FS2 først og me etter. Mathilda, som hadde lagt lenge ved Frakhaug,  og Amante hadde no fått opp farten og var ikkje langt etter oss ved runding.
Me var raskt oppe med spinnakeren etter runding, men vinden kom imot oss, så dette gjekk ikkje.
Ved Morvik kunne me igjen setja spinnaker som vi segla med til mål. Me var først i mål. Ca 2 minutt før FS2. Bak oss kom no Mathilda og Amante i full fart. Amante vant overlegent på korrigert tid.

Spor frå Marinetraffic laurdag
Om kvelden var det pizza i Fjordsailing sine lokaler.
Søndag var det ny regatta. Start kl 11. I dag var det DH- segling med Wenche og eg som mannskap. 7 båtar på startstreken idag.
Start ved Krossnessundbrua, runding Hamreflu stake og retur til Krossnessundbrua.
Kom bra ut i starten, men då forsvant vinden og det vart reking sørover. Etterkvart kom det ein liten trekk frå vest og me kom oss under Nordhordlandsbrua. Der passerte me Tjorven som låg fremst i feltet. Me fekk etterkvart opp spinnakeren og vinden tok seg opp til rundt 4 m/s. Hadde ein jibb inn mot runding Hamreflu stake. Deretter var det kryss tilbake mot Nordhordlandbrua og slør til mål. Var først i mål også søndag, med FS2 og Mathilda bak.

Spor frå Marinetraffic søndag.

Her er resultatlista

Ein liten video frå regattaen søndag på veg bort til Nordhordlandsbrua.
https://youtu.be/RlMDQo_zazA

2 kommentarer:

  1. Kjempefin video og illustrasjoner.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Einar. Var litt uheldig med at eg ikkje fekk tatt video frå siste del av regattaen.

      Slett