søndag 24. mai 2015

Seilmakeren doublehanded 2015

Torsdag 21.mai gjekk eg til Askøy seilsportsenter for å vera med på Seilmakeren doublehanded for 9.gang.
Torkjell Tolo skulle vera mannskap og kom fredag morgon. Deretter var det informasjonsmøte og værbriefing. Det kom til å verta meir vind enn meldt tidlegare og vinden ville dreie på returen slik at me fekk medvind begge vegar. Dette kom til å verta ein rask seglas.
Strategien vår var å segla kortaste veg: Innom dei yste skjæra i Rongevær, Brosmeosen, langs Byrknes så lang aust som mogeleg for å få kortast seglas og Sognefjorden. Deretter litt avstand til Nåra, inn i Ytre Steinsund, Skomakaren, innom Geita, mellom Alden og Tvibyrge (nærast Tvibyrge), vestom Askrova.
Me følgde strategien vår og av trackinga kan eg sjå at me var mellom dei båtane som segla kortaste distanse på strekninga nordover. På heile seglasen var det berre Klungrehaug/Book og Rise/Rise som hadde kortare seglas enn oss. Snittfart på vegen nordover var 7,6 knop. Toppfart 9,2 knop.
Bildet øverst er tatt av Trond J Hansen ikkje lenge etter start. Me fekk opp spinnaker og segla i god fart nordover Hjeltefjorden. I og med at det fjæra prøvde me å halda oss på austre sida etter Skjelanger. Etter 2 timar hadde me segla distansen Ramsøy - Onglesundet (Marøy)! Ved Fedje auka vinden på slik at me måtte ta ned spinnakeren. Segla no med 3'ar og fullt storsegl. Sitaren, som me segla jamsides med i heile regattaen, segla innom Rongevær. Me segla kun innom dei yste skjæra. Når me kom i Brosmeosen var me jamsides igjen. Ein del båtar segla lenger vest men tok likevel peiling på Ytre Steinsund. Det trur eg dei ikkje vann noko på. Rotete vind ved innseglinga til sundet. Me held god avstand til Nåra og kom oss greit inn i sundet. I slutten av sundet prøvde me spinnaker ei stund. Det gjekk bra.
Vidare sengla me over Lågøyfjorden mot Skomakaren. Me segla ikkje gjennom Skomakaren, men rett austom. Vidare over Buefjorden, Austom Geita og vidare nordover. Me måtte no ha eitt eller to rev i storseglet. Det gjekk greit forbi Alden. Så bar det norover Stavfjorden mot Kvannskjeret. Me gjekk rett austom Tussen.
Her nærmar me oss Askrova. Ein X-35 frå Stavanger seglar ved sida av oss.
Torkjell til rors. Alden i bakgrunnen.


Etter Kvannskjeret sette me spinnaker, segla austom Store Stårøya, gjennom Nakkøyosen og i mål med spinnaker.
Mange var sikkert trøytte og leie no for det var ikkje så mange som sette spinnaker på dette strekket.
Me var i mål ved Stabben kl. 20.37.46 etter 9 timar og 37 min. seglas frå Ramsøy !
Så var det ein halvtimes seglas inn til Florø for å få oss mat og kvila litt.
Restart for oss vart då kl. 01.37.46. så me sto opp kl. 00.15. Fekk oss litt mat og så var det å koma seg ut igjen til Stabben.
No hadde vinden auka kraftigt på i ein vest-nordvestleg retning. Det var godt å ha god til ut til Stabben. Me stampa oss utover i 3 - 4 knop.
Korleis skulle me gripa an dette? Vindmålaren virka ikkje. Var kanskje like greit. Me fekk i ettertid høyra at vindstyrken var oppe i 18 - 19 m/s i startområdet.
Når starttidspunktet nærma seg la me oss opp mot vinden og fekk opp storseglet med 2 rev. Dette gjekk bra og eit par minuttar etter tida kom me oss avgårde. Rett etter Stabben tok me ei kuvending for å få jibba storseglet. Det gjekk bra og me fossa avgårde i 8-9 knop for berre storsegl med 2 rev.
Sitaren segla ved sida av oss. Me segla no litt lenger ut Rekstafjorden slik at me kom i kvit sektor på lykta på Kvannskjeret før me sette kursen sørover.
Det var no stummande mørkt og blas stiv/sterk kuling.
Kom oss over Stavfjorden. Segla no på vestsida av Tussen. Elles same rute som nordover.
Når me gjekk gjennom Skomakaren sette me 3'aren og tok ut eitt rev i Storseglet.
Her fossar me inn i Ytre Steinsundet i lag med Sitaren:

I slutten av Steinsundet var det spinnakerforhold og me heiste. I heisinga klikka skjøtet seg av og me måtte ta ned igjen for å ordna det.
Dette fekk Cermedez med seg og filma !

Me fekk raskt opp igjen spinnakeren og segla forbi Ytre Steinsund lykt og vidare mot Sogneoksen med spinnaker. Etter kvart vart dette for heftigt og det vart genoa 3 igjen. Så bar det gjennom Brosmeosen og vidare mot Rongevær.
Her seglar me forbi Vetegjøgraskjæret lykt (Rongevær/Mikkelboen)

Ikkje lenger etter dette sette me spinnaker og segla med den i mål ved Ramsøy.
Me gjekk i mål laurdag kl. 11.08.46. Returen tok altså 9 timar og 31 minutt !

Dette held til 4.plass i vår klasse og 5.plass overall. Det må me vera fornøyd med.
I vår klasse vant Seayou, ein planande Seascape 27, Wickmann-karane med sin Express på 2.plass og Siraren på 3.plass. Overall kom også Ventus med Klungrehaug/Book framfor oss. Her finn du resultatliste, tracking m.m. Trackinga kan kjørast i reprise. Bruk f.eks. speed 50.

På heimtusen hadde me litt vibrasjon/lyd i båten. På grunn av fæla vær gjekk det lang tid før me fant ut kva dette var for noko. I Hjeltefjorden var eg nede i motoren og såg at girkabelen hadde knekt og propellen hadde gått rundt heile vegen!!
Girkabelen må ha knekt idet me stoppa motoren og sette i revers ved start.
Når me gjekk inn i hamna på Askøy sat Torkjell nede i motorrommet og gira. Me reiste til Maritim på Damsgård og fekk tak i ny kabel. Torkjell fekk denne på plass og etter litt justering virka det fink. Takk Torkjell. Takk også for hard og god jobbing på seglasen.
Me er seige og uthaldande karar og det trengs på ein slik regatta. Gir aldri opp og er alltid klare til å setja spinnaker.


3 kommentarer:

  1. Kjempeflott rapport. Du skriver slik at vi får følelse av å delta.

    SvarSlett
  2. Takk Einar. Eg har oppdatert rapporten litt med m.a. link til resultatliste og tracking som kan kjørast i reprise.

    SvarSlett
  3. Bra jobba Harald. Seer at litt vind ikke skremmar dokkar.

    SvarSlett