lørdag 31. mai 2014

Huftarøy rundt singlehanded

Kristi Himmelfartsdag var det klart for Alutec Huftarøy rundt 2014. I år var det også klasse for singlehanded. I alt 39 båtar var påmeldt. 5 i singlehandedklassen.
Bjørn Rundhovde med Mathilda og eg segla til Bergens seilforening onsdag kveld og overnatta der.
På Byfjorden onsdag kveld

Segla vidare mot Os i halvni-tida torsdag morgon. Korsfjorden låg blank.
Korsneset
Mot Strønosen
Starten skulle gå i 3 puljar i Strønosen: Singlehanded kl. 10.30, doublehanded kl. 10.45 og båtar med fullt mannskap kl 11.00. Rett før start som gjekk kl. 10.35 etablerte det seg ein vestleg vind på 6-7 m/s. Me skulle segla løp 1, dvs mot Hufthammar fergekai, Grøningen. Bekkjarviksundet og norover Langenuen til Strønosen.
Eg kom litt langt sør på startlinja når skuddet gjekk. Me segla full kryss mot Austevoll. Miss Helen og Mathilda gjekk litt høgare enn X-faktor. Etter 5 -6 slag kom me oss rundt Lindholmen. Miss Helen først deretter X-faktor og Mathilda. Her var vinden nede i 4 m/s og X-faktor drog frå Mathilda. Mot Austevollsbrua gjekk det unna med stikk i skjøytet, men når eg nærma meg brua minka vinden og vart skarpare. Måtte ta eit slag for å koma meg under brua. Vidare måtte eg ta eit slag før Pirholmen. Deretter segla eg mot Grøningen i 3 m/s. No nærma Scirocco III seg som var i 2.start. Etter Grøningen romma vinden og eg var først oppe med spinnakeren. Tok mykje inn på Miss Helen som drøydde med spinnakeren. No gjekk det svært bra og eg var 2 minuttar etter Miss Helen under Bekkjarvikbrua. Derfrå vart det platt lens mot Kalsundboen. Jibba eit par gonger. Såg at Miss Helen hadde litt problemer før runding Kalsundboen, så eg tok ned spinnakeren. Tapte nok litt på det. Scirocco III segla forbi meg. Ved runding staken var eg raskt oppe med spinnakeren igjen og segla bra mot Tobbeholmane. Avstanden fram til Miss Helen var berre 3 - 4 minuttar. Hadde greidd å få god avstand på Mathilda så dette såg lovande ut.

Mathilda med mørk blå spinnaker har runda Kalsundboen.

Scirocco III med raud spinnaker. Tobbholmane til babord framme.
Scirocco III og mange andre valde å gå på innsida(vestom) Tobbholmane. Eg gjekk midt i fjorden og det såg ut til å vera det rette valet. Mathilda hadde først kurs mot innsida, men ombestemte seg og segla innimellom holmane og kom seg ut i fjorden. No kom vindstilla. Miss Helen låg fremst deretter X-faktor rett bak. Me var no fremst i feltet.
Mathilda greidde utruleg nok (Bjørn sin dyktighet !!) å halda litt fart i båten og Miss Helen, X-faktor og Mathilda var no samla fremst i feltet. Inne ved land hadde ein Dehler 38 som segla DH greidd å halda fart i båten og var no fremst i feltet. Etter kvart kom vinden igjen frå V/NV og vi segla mot mål. Dehleren først deretter Mathilda, X-faktor og Miss Helen.

Vinden kom igjen.
Dehleren fremst, deretter Mathilda.
Etter kvart romma det såpass at eg kunne setja spinnaker. Det vart skarp spinnakerslør mot mål. Vinden kom opp i 7 m/s.  Då var det fint med ein god autopilot. Det var så vidt eg stod opp til målstreken. Mathilda måtte ta ned spinnakeren og eg kom meg nokre sekund før Mathilda i mål - som båt nr. 2. Var i mål kl. 15.57.


Mathilda vann singlehandedklassen og hadde også beste overall-tid. X-faktor vart nr. 2 i singlehanded-klassen og hadde 3.beste overall-tid nokre sekund etter Match som segla doublehanded.

Me gjekk inn til Os seilforening etter seglasen til mat og premieutdeling.
Kom meg ikkje avgårde heimover før kl. 19.30. No var det nordavind og det vart motor heimover. Valde å gå kortaste veg - Hjeltefjorden. Det var nok ein tabbe då vinden var oppe i 8 - 9 m/s og mykje bølgjer. GPS-farten låg mellom 4 og 5 knop og eg var ikkje i hamna på Manger før kl. 02.30. Det var hardt å gå på jobb dagen etter !!

Her er AIS sporet

2 kommentarer: