søndag 6. april 2014

Seier i Isbjørnen 2014

Det vart seier i klasse og beste tid av alle båtane på Isbjørnen 5.april. Takk til mannskapet Torkjell, Rune Fanebust og Steinar Hansen.
Det var lite vind og BS valgte kortaste løp: Start på Raunefjorden, Spikaren, Tangeflu og rundt bøye ved Klokkarvik og tilbake.
Me fekk ein nokonlunde bra start, låg ei stund i le av ein 39 fotar, men når den slo fekk me fri vind og la i veg. Etter runding av Spikaren vart det svært lite vind på båtane som låg nordst i feltet. Me såg at det var vind lenger sør, tok nokre slag og fekk vind. No låg me som 3 - 4 båt i feltet. Når me runda Tangeflua vart det mykje motstraum. Det var best vind ved Lerøy og me valgte å ta nokre slag der før me segla over på Klokkarviksida. Løpet vart avkorta her og me var 4 - 5 båt i mål.

Her er link til resultatlista. Velg klasse og "Race 1" i seilas så ser du tidene.

Her er link til artikkel på Bergens seilforening si side med masse bilder.

Har "lånt" nokre bilder frå Bergens seilforening sitt fotoalbum
Her har starten nettopp gått.

Her nærmar me oss mål. Då møtte me ein flikk med spekkhoggarar. Nokre av dei var få meter frå båten

 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar