tirsdag 28. mai 2013

Seilmakeren doublehanded 2013 - bilder og reportasje

2013-05 Seilmakeren

Klikk på bildet for å sjå fotoalbumet.

Fredag 24.mai 2013 kl. 11.30 gjekk starten på Seilmakeren doublehanded 2013. Mannskap dette året som dei førgåande 3 år var Torkjell Tolo. Værmeldinga gjekk ut på nordleg vind heile regattaen (sjå bilde frå værbriefinga). 54 båtar stillte til start i 3 klassar a 18 båtar. Me var i klassen for båtane med lågast rating, opp til 0,961. Med 0,958 i rating var me blandt båtane med høgast rating i vår klasse.
Me starta med Genoa 1 og trudde at me skulle kunna stå med denne ut til Fedje. Her tok me feil, og måtte skifta til Genoa 3 etter kort seglas. Det tapte me ein del på. Skulle nok ha starta med 3'ar. Det handla mykje om vegval i denne regattaen. I ettertid er det lett å sjå kva rute me skulle ha vald. Gjennom Rongevær og Brosmeosen hadde vore rette. Me kryssa oss utover mot Holmen Grå i ganske store bølgjer. Hadde eit flott legg frå Holmen Grå mot Ytre Steinsund, men her var det mykje motstraum. Gjennom Ytre Steinsund fekk me flotte krysslegg, og herfrå og til Florø segla me godt. Ruta gjekk gjennom Skomakaren, på innsida av Geita, utsida av Tvibrygge, nordover Stavfjorden. På utsida av Askrova, på innsida av Store Stårøya, gjennom Nekkøyosen og til Florø. Når me nærma oss Florø minka det på vinden og me sette igjen Genoa 1. Me kunne sjå lenger framme at det låg mange båtar i vindstilla. Klokka var no litt over 4 på morgonkvisten. Her låg mange av konkurrentane som hadde segla frå oss. Me kom inn til Florø hamn samtidig med ein liten bris som gjorde at me kom oss i mål uten å verta liggjande i vindstilla. Var i mål kl. 4.23 og restart vart då 8.23. Me hadde no eit bra utgangspunkt for returen med ein 6 -7.plass i klassen.
Tida i Florø gjekk med til å få seg litt mat og prøva å sova. Me måtte lada batteria og låg med motoren igang, dermed vart det lite søvn på skipparen! Torkjell sov som ein stein og høyrde ikkje vekkjarklokka kl. 7.15, men det gjorde ikkje noko for skipparen var forlengst oppe.
No skulle heile klyngja på 20 - 25 båtar starta. Det var omtrent vindstille. Me låg fint til og kunne sjå at brisen kom lenger ute. X-faktor sig fint avgårde i lite vind og me og Tussi, ein Bavaria Match 38, seig godt avgårde mot Stabben. Ved runding Svartskjæret ute ved Stabben var me først oppe med spinnakeren og skaut fart. Me segla også no på utsida av Askrova og satsa på å gå utom Bulandet og i havet sørover. Hadde tru på at det var mest vind her. Det gekk godt så lenge me hadde skjæring ut mot Bulandet, men etter det vart det dårleg fart. Det var for lite vind og for mykje bølgjer. Me segla sørover på utsida av Utvær. Gjekk inn ved Holmen Grå. I ettertid kan me sjå at me burde ombestemt oss og enten gått gjennom Olsundet (brua i Bulandet) eller skore inn igjen mot Straumsfjorden. Frå Fedje og sørover Hjeltefjorden auka vinden på og me jibba oss innover. Når me nærma oss Ramsøy oppnådde me dagens max fart på loggen, 11,6 knop. Me planla no nedtak av spinnakeren. Dette skulle skje i le av Ramsøy. Når me skulle heisa Genoaen snurra spinnakeren seg rundt forstaget!!. Etter litt jobbing fekk me ordna den, opp med genoaen og hadde eit kontrollert nedtak av spinnakeren. Var i mål kl. 22.45 laurdag kveld. No var me trøytte og litt leie. Dette skulle verta godt med ei natts søvn.
Det vart til slutt 12.plass i vår klasse. Det var me ikkje heilt fornøyd med, men me var i ein tøff klasse. Tida vår hadde halde til 7.plass i mellomste klasse.
Dette rista med raskt av oss. Etter 2 dagar var Torkjell og eg enige om at dersom Seilmakeren hadde starta dagen etter hadde me vore med!
Stor takk til Torkjell som igjen gjorde ein kjempeinnsats.
Båt og utstyr fungerte fint. Eg må justera litt på akterstaget for å kunna strama det litt meir.

På turen heim frå Askøy stampa eg meg nordover Hjeltefjorden for motor i frisk bris frå nord. Fekk motorstopp ved Herdla og segla til Manger og i hamn med Genoa 3. Det hadde kome luft i dieselsystemet. Gjengane på lufteskruen var sprengt, og eg har no skifta filterholdar. Dette var noko som ofte skjedde på Yanmar-motorane. Ingen kjekk oppleving då eg var nær land, og det blas friskt, når motoren stoppa.


1 kommentar:

  1. Fine kommentarer etter en seilas med litt ufortjent dårlig uttelling. Ja, av og til får en sånne i trynet, og ikke alltid så kjekke å svelge. Det går heldigvis bedre neste gang.

    SvarSlett