søndag 22. august 2010

Askøy rundt 2010

 
 
 
 
Me segla Askøy rundt 21. og 22.august. Lørdag var det meldt sørvest vind frå 8 m/s på Byfjorden til 13 m/s på Herdla.
Dette slo til. Vinden var i periodar endå sterkare på Byfjorden og utanfor Herdla var vindmålaren oppe i 15 m/s. Me hadde ein dårleg start og fekk det ikkje heilt til på krysslegget inn til Nordnes. Spinnakerseglinga frå Nordnes til Askeneset gjekk bra, me låg i ca 9 knop. Fekk ein skikkeleg broach rett før Askeneset. Frå Askeneset og nordover Herdlefjorden var det genoaslør. Me fekk det ikkje heilt til denne dagen, og hadde i periodar litt for mykje segl oppe. Gjennom Det Naue var det ein del som segla spinnaker, men me valde å ikkje heisa den. Me tok eit rev i storseglet før bøyerundinga nord for Herdla. Ut mot Mefjordboen var me oppe i 10,5 knop. Etter runding der var det skarp kryss mot mål ved Herdla. No var vinden på det sterkaste og det var ein del sjø. Me var ikkje fornøyde og havna på 7. plass i klassen denne dagen.
På søndag var det meldt mindre vind, 11 m/s og litt meir vestleg. Me hadde god start og fekk det betre til. På kryssen opp mot Jona hadde me god fart og god høgde. Vidare innover fjorden var det varierande vind, men det gjekk unna. Mellom Ramsøy og Rotøyane var me raskt ute med å setja spinnaker og segla med den til mål. Søndag var me nr. 3 i klassen og faktisk nr. 5 av alle 86 båtar. Dette var bra. Førebels resultatliste har oss på 4.plass i klassen som talde 20 båtar. Takk til Eivind, Torkjell og Magne som var mannskap denne helga.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar