X-faktor deltok 5.juni på RAN seilforening sin sumarregatta. Det deltok 21 båtar i Lys-klassane og 8 båtar i Expressklassen. Expressane segla pølsebane, og Lys-klassane segla trekantbane. Det vart gjennomført 2 seglasar for alle klassane. X-faktor tok 4.plass i begge seglasane, og det vart då 4.plass i klassen der det var med 10 båtar. Mannskap denne dagen var Kjetil Risnes, Gøran Espeland, Arild Monslaup og Harald Matland. Sjølv om dette var nytt mannskap for dagen segla vi bra. Hadde mellom anna nokre flotte rundingar av toppmerket der spinnakeren var raskt oppe. I første seglasen var vi stort sett først i feltet og var første båt i mål. I andre seglasen var vi også fremst i feltet vart forbisegla av Rolf Hermansen sin Hanna Marie på siste krysslegget. For resultatliste og bilder sjå
RAN seilforening si heimeside.
|
X-faktor, FS2 og Gleden ved kai i Ran seilforening |
|
Flott vær |
|
FS2 |
|
Premieutdeling |
|
Prat på kaien |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar