søndag 23. november 2025

Her er omsider YouTube-video frå Askøy rundt 16. og 17.august 2025. 4K kvalitet.

Eivind og eg segla Askøy rundt 16. og 17.september 2025.
I alt 37 båtar deltok. 9 i doublehandedklassen og 1 i singlehandedklassen.
Videon er laga med 4K oppløysing.

lørdag 15. november 2025

Seilmagasinet si shorthandedranking 2025

Seilmagasinet har i mange år hatt ei ranking over shorthandedseglarane. Dette vart starta i 2004.              

I Shorthanded-rankinga tel dei siste 4 åra. "Listen viser landets beste shorthanded-seilere over de siste fire årene. Resultatene i inneværende sesong teller 100 prosent, resultatene fra året før 75 prosent, året før der 50 prosent og det første av de fire sesongene teller 25 prosent".

I tillegg kårar Seilmagasinet "Årets shorthandedseiler", og frå 2025 "Årets soloseiler".

Eg har alltid likt å segla singehanded, og segla faktisk i singlehandedklassen i Askøy rundt i 2002.

Singlehanded Askøy rundt 2002 i "Apolonia" ein Polo 86E


Elles har me segla mykje doublehanded-regattaer opp gjennom åra, og har gjort det ganske bra. 

På rankinga for 4 siste åra er eg no nr. 8, og høgast ranka utanom seglarane frå Austlandet. Dette meiner eg er den beste rankinga eg har hatt. https://www.seilmagasinet.no/ranking

Som "Årets shorthandedseiler 2025" er eg ranka som nr. 6. Her er det dei 4 beste resultata i året som tel med.


Som "Årets soloseiler 2025" er eg nr. 4 på lista etter 2.plass i Bergen singlehanded og nr. 3 i Stavanger singlehanded.

X-faktor under Stavanger singlehanded 23.august 2025

Takk til 

Torkjell Tolo som segla doublehanded med meg på Seilmakeren DH 23. - 24.mai 2025 og                

Eivind Tysse som segla doublehanded med meg på Huftarøy rundt 29.mai, Stord shorthanded 31.mai, Askøy rundt 16. og 17.august og Høststormseilasen 13. og 14.september.

              Torkjell på Seilmakeren DH                                        Eivind på Stord shorthanded


lørdag 8. november 2025

Shetland Race 2022 ombord i X-332 X-faktor (revidert)

You Tube videoene frå Shetland race 2022 var 2 videoar, der den eine var innseglinga til Lerwick med spinnaker. Eg har no sett dette saman til 1 video. Synes dette var bra.
Meir info, resultatliste m.m. her

fredag 31. oktober 2025

Mangersfjorden - Hjeltefjorden 30.oktober 2025

Ein kort segltur frå Mangerøy mot Stureterminalen i Øygarden og tilbake torsdag 30.oktober 2025 i varierande nordavind.

 

søndag 19. oktober 2025

Vinnar av Vestland seilkrets sin Vestland Cup Storbåt-aktiv Shorthanded 2025

 

Regattaene som inngår i cupen er som følger:

1.Huftarøy Rundt

2.Bergen RW

3.Askøy Rundt

4.Askeladden

5.Høststormseilasen

6.Windjammer

X-faktor deltok i Huftarøy rundt, Askøy rundt, Høststormseilasen og Windjammer.

Bergen RW vart avlyst.

Eivind Tysse segla doublehanded med meg i alle fire regattaene i cupen. På Høststormseilasen hadde me seier i DH-klassen og på Windjammer hadde me klasseseier og overallseier.

Torsdag 16.oktober var det premieutdeling for både Høststormseilasen og Vestland Cup hos Seilmaker Iversen.

Pokal og vandrepokal for Vestland Cup Shorthanded og pokal for Høststormseilasen.

Resultatliste