Eg treng fleire abonnentar til YouTube-kanalen min !
https://www.youtube.com/@HaraldMatland
Gå inn på linken og abonner.
Eg treng fleire abonnentar til YouTube-kanalen min !
https://www.youtube.com/@HaraldMatland
Gå inn på linken og abonner.
Laurdag 31.oktober vart X-faktor løfta på land på Litlebergen der den skal stå fram til våren 2021.
![]() |
| Eg kosta bunnen i veka før opptaket, så det var ikkje så mykje slim under. |
![]() |
| Kjørte motoren i ferskvatn ca. 10 minuttar før eg flytta slangen til sjøvasspumpa over i bøtta med 50/50 frostveske og vatn. Etterpå skifta eg olje og oljefilter på motoren. |
![]() |
| Kjøpte ei brukt OPI krybbe i vår. Kjøpte i tillegg 4 kjølstopparar. |
![]() |
| I tillegg til krybba og stokkar under baugen og heilt akter, har eg fått låna 2 opplagsstøtter. No er berre å få på presenningen. |
Flott vær i midten av oktober. Wenche og eg tok ein segltur til Nautnes i Øygarden måndag 12.oktober. Segla frå Manger, under Nordra Staumøysund bru ved Tjeldstø, vidare den tronge leia nord for Heggholmen, nordover Alvheimsundet til Nautnes. Der var me i land og såg oss rundt. Deretter segla me nordover mot Hellesøy og rundt Rubbeganståna og heimatt. 4 - 5 m/s frå N/NV i Hjeltefjorden på heimturen.
![]() |
| Ved flytebryggja på Nautnes |
![]() |
| Nautnes. Bilde tatt frå brua. |
![]() |
| Laksholmsundet |
![]() |
| Spor frå Marinetraffic. Ikkje så god dekning vest for Øygarden. |
Wenche og eg hadde oss ein tur i Uttoskavågen laurdag 10.oktober. Karsten Sjøstrand tok eit flott bilde av X-faktor i solnedgangen på veg inn igjen i hamna i Mangerøy. Dacronstorseglet og det gamle rulle-forseglet.