Laurdag 7.januar segla me Neglespretten på Byfjorden i Bergen. Totalt deltok 42 båtar. Det var lite vind og vanskelege forhold på Byfjorden. Åsane seilforening hadde gjort spesiell klasseinndeling, så me var i lys-klasse 1,20-1,29. Det var 17 båtar i klassen, men det var som vanleg Gleden som vart vår argaste konkurrent. Dei 7 båtane i høgaste lys-klasse starta 5 minnuttar før oss. Me kom godt ut i starten og kunne etter ei stund segla spinnaker mot første merke. Gleden runda rett framfor oss. Me runda første merke som 5. båt. Deretter var det kryss mot merke 2 ved Nordnes. Det var omtrent vindstille rett etter runding, men etterkvart kom ein liten vestleg bris og me fekk god fart mot Nordnes. No hadde me fått litt avstand bakover til Gleden. Ved Helleneset minka det på vinden og den dreia på sør. Her gjorde me litt dårlege val og Gleden greidde å koma forbi oss. Alle klassane utan høgaste lys-klasse vart tatt i mål ved Nordnes. Det held til ein 2.plass. Ventus kom på 3.pass i klassen. Her er resultatlista. Ingen fotografering på fjorden i dag.
Det vart svært tett skodde på heimturen frå Flatøy til eg var gjennom Bognestraumen.
Snart klar for Neglespretten som går på Byfjorden laurdag 7.januar. Mannskap er Torkjell Tolo, Eivind Tysse, Kjetil Risnes, Bjørn Rundhovde, Roar Teige og meg. 40 båtar er påmeldt til no. Det er meldt 6 - 7 plussgrader og regn. 5 m/s vind frå ein vestleg retning. Åsane seilforening er arrangør. Her finn du meir info om regattaen.
For å sjå bilder frå Shetlnd Race 2011, gå til Bloggarkiv nede til høgre, juni 2011. Klikk på "2.plass i Shetland Race 2011" og klikk deretter på fotoet.
Fekk ein kjempestart i dag i lite vind. Kom oss godt avgårde. Vinden minka til 1 - 2 m/s, men kom igjen når me kom bort til Senoksen. Segla på innsida av Senoksen, fekk vind, og vant på det. Etter dette auka vinden jevnt til ca. 7 - 8 m/s og det vart skarp slør innover mot Mefjordboen. Vidare til Jona og i mål ved Herdla. Fekk ikkje brukt spinnakeren i dag. Me var i mål ca. 3 minutt før Ollie Royal i dag.
Tok 1.plassen søndag og dermed samanlagtseier i klassen. Sjå resultatlista her. Stor takk til mannskapet for ein kjempejobb! Du kan sjå fleire bilete frå regattaen på Nordhordland seilforening si side her:. https://photos.app.goo.gl/HdZrh3WqqxvvKsrx8
Fortøydd på Fedje etter første dag på Høststormselasen til Nordhordland seilforening. Mannskap: Eivind, Magne, Torkjell og Harald. Ollie Royal slo oss i dag, og det vart 2. plass i klassen framfor Gleden.
Så var Bergen singlehanded unnagjort. Segla til Hjellestad fredag. Laurdag var me klare. Starten gjekk kl. 11. Då var det totalt vindstille, og vi låg og rak i ca. ein halvtime før vinden kom. Når vinden kom opp i 1 m/s fekk eg båten til å gå på fram og fekk ein kjempestart. Hadde 4-5 båtar frå største lysklasse framfor meg. Vinden frå SØ tok seg opp og det vart slør utover mot Tekslo.
FS2 til venstre, X-faktor til høgre.
Når eg nærma med Tekslo sette eg spinnaker. Det gjekk fint. Ute i havet vart det store dønningar. Måtte jibba ein gong. Nærma meg no 1. merke som skulle rundast om babord. Var nok litt seint ute med førebuinga til nedtak. I god medstarum gjekk det unna med 8 knop. Sleit med å få opp genoaen pga at vinden fekk tak og det vart press i seglet. Så tok krampen meg i fingrane og det meste skar seg. I alt kaoset passerte eg merket på feil side og måtte ta eit par rundar før eg kunna fortetja sørover.
Så langt alt vel. X-faktor med kvit spinnaker med gul firkant i.
Kaos med tau og spinnakerbom.
Tapte nok eit kvarter på dette tullet. På kryssen sørover var det vanskeleg å få fart i båten. Vinden vart oppe i 7 - 8 m/s og det hadde nok gått betre med 3'ar. Kraftig motstraum. Kom meg rundt toppmerket. Deretter var det nordover rundt Marsteinen og sløreseglas innover Korsfjorden heilt til målpassering. Var ikkje fornøyd med mannskapet i dag!! Her trengs meir trening både fysisk og segltrening. Det vart 5.plass i klassen der det var med 22 båtar.
Heile 61 båtar er no påmeldt til Bergen singlehanded laurdag 10.september. Følg med på heimesida. Tracking Vil du følge regatten "live" på nettet ? Deltagerne vil ha en trackingboks ombord som gir deg informasjon om hvor den er til enhver tid og hvordan den ligger an i regatten i forhold til sine konkurrenter. Lim denne adressen inn i din nettleser: www.tractrac.com/index.php?page=clubpage&id=4