mandag 17. mai 2010

Seilmakeren doublehanded 2010

I morgon tirsdag 18.mai går turen til Askøy seilsportsenter. Onsdag 19.mai kl. 13.00 går starten på Seilmakeren doublehanded. I år er det påmeldt 73 båtar. 26 av desse er i vår klasse: Lys 1,17 - 1,24. Det vert spennande i år med ny båt og ny makker. Torkjell Tolo er mannskap i år. Torkjell og eg har segla ein god del saman. Vi har m.a. segla Shetland Race 3 gonger saman, og Torkjell var også med å henta X-faktor i Kristiansand hausten 2009. Vi får trackingsystem ombord, så føl med på www.seilmagasinet.no der du vil finna link til trackinga.

søndag 2. mai 2010

Sjøsetjing



 
X-faktor klar for sjøsetjing. 2 strøk med VC17 er påført, båten er polert og namnelogoen er på plass. Sjøsetjinga var torsdag 6.mai 2010.

søndag 18. april 2010

Tur til Fedje

 
 
 
 
Laurdag 10.april tok eg meg ein tur til Fedje. Det var ein svak nordleg vind. Heimturen vart spinnakerseglas heile vegen.
Posted by Picasa

søndag 14. februar 2010

Klasseseier i Snøføyka 2010

Det vart klasseseier i Snøføyka 13/2. Flotte forhold på fjorden, solskin og opp i 4 m/s vind frå nord. Sjå biletserie her og resultatlista her. Her er bilete av X-faktor som går i mål og mannskapet som har fått seg suppe i det nye flotte klubbhuset til RAN seilforening. Klikk på bileta for å sjå dei i større format.

fredag 12. februar 2010

Klar for Snøføyka


Då er X-faktor klar for RAN seilforening sin først regatta i 2010: Snøføyka. Presenningen er tatt av, og storseglet er på plass. Det er meldt fint vær, men lite vind. Avgang mot Anglevik vert laurdag 13/2 kl. 07.00. Heilt nytt mannskap på denne regattaen: Morten Ådland, Morten Bjorøy, Sverre Faugstad, Frode Boasson og skipparen. Dette vert spennande!

mandag 11. januar 2010

Neglespretten

Laurdag 9.januar deltok X-faktor i sin første regatta - Neglespretten. Og kaldt var det - ca -10grader. X-faktor var tidleg på fjorden for å trena litt før start som gjekk ved Våganeset kl. 12.00.
Her er eit par bilder som vart tatt før start + eit bilde idet vi nærmar oss første merke ved Strømsnes på Askøy.
Klikk på bileta for å sjå dei i større format.

Vinden varierte mellom 0 og 4 m/s frå søraust.
Vi kom litt dårleg ut i starten, men det gjekk betre etter kvart. Spesiellt frå Bakarvågen og til mål ved Helleneset gjekk det bra. Vi hadde 4. raskaste anvendte tid av alle båtane. Vart nr. 5 i vår klasse og vart premiert. Mannskap var Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen, Bjørn Rundhovde og skippar Harald Matland.
Sjå resultat på http://seil.aasane.no/
Sjå også NRK innslag på http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.6938908 X-faktor kan skimtast på 01:03. Lengst til høgre i biletet.
Båten fungerte fint i det kalde været. Med godt varmeapparat og landstraum når vi låg i hamn var det ingen problem å bu ombord.





Posted by Picasa

fredag 1. januar 2010

Godt nyttår!

Det er vinter og X-faktor er under presenning. Til helga (9.januar) er det Neglespretten og presenningen må av. Dette vert første regatta med ny båt. Værmeldinga tyder pr. i dag på austleg vind, klårvær og svært kaldt. Det er til no påmeldt 28 båtar. Sjå deltakarliste på http://www.seil.aasane.no/
Posted by Picasa