Torsdag 29.mai 2025 segla me X-faktor i Huftarøy rundt. Me stilte i doublehandedklassen der det var 4 båtar. Tilsaman var det påmeldt 20 båtar til regattaen. Eg segla X-faktor til Hjellestad onsdag ettermiddag, og Eivind mønstra på torsdag morgon. Me tøffa sørover til Strøneosen der starten skulle gå kl. 10.50.
Startane i Strøneosen er ikkje noko å skryta av med nokre overettmerker på land og ein startbåt som styrbord merke. Denne er i bevegese og det går ikkje an å pinga startlina på plottaren. Vindretningen var også slik at me starta på babord hals.
Me kom oss greit avgårde og segla mot Austevoll. Låg no godt plassert i feltet. No vart det kryss mot Tobbeholmane og Kalvsundboen. Her var det motstraum og me kunne med fordel halde oss nærare Austevollslandet slik Asterix gjorde.
Etter Kalvsundboen sette me spinnaker. Sjå YouTube video. Me segla spinnaker til Lindholmen nord for Hufthammar ferjekai. Deretter vart det slør til mål i Strønosen.
Her er X-faktor sitt spor frå Marinetraffic.
Me var i mål etter å ha segla i 4 timar 28 minutt og 18 sek. Dette held til 3.plass i doublehandedklassen, men også 3.plass av alle båtane.
Her er resultatlista
Her er litt YouTube film frå spinnakerseglinga. 4 minutt og 50 sekund ut i videoen er X-faktor oppe i over 8 knop.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar