tirsdag 26. august 2025

Stavanger singlehanded 23.august 2025 OPPDATERT

Onsdag 20.august segla eg frå Manger til Mosterhamn, torsdag 21.august frå Mosterhamn til Stavanger. Her fekk X-faktor plass i Stavanger seilforening si hamn på Grasholmen. 

X-faktor i Stavanger seilforening på Grasholmen

God og lun hamn

Regattaen Stavanger singehanded skulle seglast laurdag 23.august. 12 båtar var påmeldt, 11 båtar deltok.

Kl. 9.30 på laurdag var det skipparmøte i klubbhuset. Starten skulle gå ved Breivik aust i Stavanger.  Det var meldt ein nordleg vind som etterkvart skulle dreia nordvestleg. 3 m/s ved start og deretter aukande til opp i 7 m/s med vindkast på opp i 10 m/s. Løpet skulle gå nordover  med start kl. 11.00, vidare babordrunding Kalvøy, deretter babordrunding Talgje og så sørover til mål ved Breivik. Løpet var omlag 25 nm.

Eg segla med den nye Genoa 1. Kom greit ut i starten og runda Marøysteinen kort etter start som båt nr. 3 etter Swan 42 og Levens. Deretter var det runding Kalvøy. Her var det lite vind og det hadde vore mogeleg å ha oppe spinnakeren i 10 minuttar. På austsida av Kalvøy tok vinden seg opp, og det vart kryssing nordover. Vinden låg for det meste på rundt 4 m/s, men var også nede i 2 m/s. Etter 11 slag segla eg mot nordvestre spissen av Talgje. Overstod litt og hadde god fart, over 7 knop, mot runding. Mithrandir var rett bak X-faktor. Swan 42 var eit godt stykke framom, medan Levens , Bavaria Match35 og Bashford 36 var ikkje lagt framfor. Eg skulle ha sett opp spinnakerbommen og rigga til for spinnakersetjing før runding. Det var høg fart og mykje bølgjer, så eg venta litt. Fekk etterkvart opp spinnakeren og segla på same hals til eg tok ned spinnakeren ved Vassøykalven før siste legget inn til mål då vinden vart 90-100 grader med vindkast opp i 10 m/s. Eg såg på båtane framfor at det var utfordrande å segla spinnaker på dette legget. Eg hadde god fart med genoa 1. X-faktor var i mål etter 4 timar 33 minutt og 55 sekund. Utsegla distanse 26 nm. Dette held til 3.plass etter J70 som vann og Swan 42 som tok 2.plassen 25 sekund før X-faktor. Eg var nøgd med seglinga mi i dag.

Spor Stavanger singlehanded 2025

Etter regattaen var det tilbake til Stavanger seilforening. Her hjelpte me kvarande å pakka segl, og deretter var det premieutdeling i klubbhuset.

Premieutdeling i klubbhuset.

Resultatliste


Spinnakerseglas sørover



Søndag segla eg frå Stavanger til Haugesund. Mandag vidare til Manger. Var i heimehamna kl. 22.40.





fredag 15. august 2025

Askøy rundt - oppdatering

 X-faktor vart åleine i Singlehandedklassen til slutt, men no vert Eivind Tysse med og X-faktor byter til Doublehandedklassen. Der vert det no 9 båtar.





torsdag 14. august 2025

X-faktor påmeldt til Askøy rundt 16. og 17.august 2025

Det er pr. no påmeldt 36 båtar, men det er enno tid til å melda seg på.

X-faktor stiller i Singlehanded-klassen. Her er det påmeldt 3 båtar. Det er påmeldt 7 båtar i dubehandedklassen. https://sailracesystem.no/regatta?regatta=3926&deltagerliste=2

Starten går ved Bakarvågen laurdag kl. 12.00. Start på søndag vest for Herdla kl. 11.00.

Det er meldt fint vær og fine vindforhold.




onsdag 13. august 2025

Kosting av bunnen og filming for å sjå om det er bra

I dag har eg kosta bunnen, kjøl og ror på X-faktor.
Filma med GoPro kamera for å sjå om det vart bra.


 

søndag 8. juni 2025

NHS Klubbregatta HOLSNØY RUNDT 7.juni 2025

Laurdag 7.juni var det igjen klart for Holsnøy rundt. 8 båtar stilte til start ved Krossnessundbrua kl. 11.00.

Flott vær med ein SV bris som skulle auka litt utover og dreia meir vestleg. Når vinddreiinga kom var det ein periode med svært lite vind. Eg segla X-faktor singlehanded, og var i mål i Bognestraumen etter 3 timar og 9 minutts seglas. 

På Mangersfjorden etter målgang. Foto: Atle Syslak



Foto: Reidar Nesse
Her er resultatlista:



Stord shorthanded 31.mai 2025

Etter å ha segla Huftarøy rundt 29.mai låg X-faktor i Os seilforening natt til 30.mai. Om morgonen segla Eivind og eg til Leirvik for å delta i Stord shorthanded. Me hadde ein flott seglas til Leirvik via Nyleia saman med Asterix. 

Laurdag var det fint vær. Starten gjekk kl. 12 i Leirvik hamn. 9 båtar var påmeldt. 5 i doublehandedklassen og 4 i singlehandedklassen. Eine båten som var påmeldt i singlehandedklassen møtte ikkje opp.

Eg laga ein YouTube video frå seglasen. Den har etter 2 dagar hatt over 1.000 visningar.

Her er resultatlista. Det vart ein til dels langdryg seglas, og nokre av båtane kom ikkje i mål.

Her er videoen 



onsdag 4. juni 2025

Huftarøy rundt 29.mai 2025

Torsdag 29.mai 2025 segla me X-faktor i Huftarøy rundt. Me stilte i doublehandedklassen der det var 4 båtar. Tilsaman var det påmeldt 20 båtar til regattaen. Eg segla X-faktor til Hjellestad onsdag ettermiddag, og Eivind mønstra på torsdag morgon. Me tøffa sørover til Strøneosen der starten skulle gå kl. 10.50.

Startane i Strøneosen er ikkje noko å skryta av med nokre overettmerker på land og ein startbåt som styrbord merke. Denne er i bevegese og det går ikkje an å pinga startlina på plottaren. Vindretningen var også slik at me starta på babord hals.

Me kom oss greit avgårde og segla mot Austevoll. Låg no godt plassert i feltet. No vart det kryss mot Tobbeholmane og Kalvsundboen. Her var det motstraum og me kunne med fordel halde oss nærare Austevollslandet slik Asterix gjorde.

Etter Kalvsundboen sette me spinnaker. Sjå YouTube video. Me segla spinnaker til Lindholmen nord for Hufthammar ferjekai. Deretter vart det slør til mål i Strønosen.

Her er X-faktor sitt spor frå Marinetraffic.



Me var i mål etter å ha segla i 4 timar 28 minutt og 18 sek. Dette held til 3.plass i doublehandedklassen, men også 3.plass av alle båtane.

Her er resultatlista

Her er litt YouTube film frå spinnakerseglinga. 4 minutt og 50 sekund ut i videoen er X-faktor oppe i over 8 knop.



mandag 26. mai 2025

Klasseseier i Seilmakeren doublehanded 2025

Seilmakeren DH 2025 starta kl. 17.00 fredag 23.mai i Hauglandsosen, Askøy. I år vart det sørleg løp med runding Ramsholmane nord for Haugesund og tilbake. Torkjell Tolo var mannskap i år også. Takk til Torkjell for god innsats.

Det vart ein rask seglas i år, med god vind heile vegen. Me var i mål kl 09.38.06 laurdag morgon etter å ha segla i 16 timar og 38 minutt.

Eg har laga ein YouTube video på 23.minutt. Filma mesteparten med GoPro Hero 9 og 10 som har god digital stabilisering, og som held horisonten stabil og gir inntrykk av båten sine bevegelsar.


Litt bilder:


X-faktor i Vatlestrumen. Foto: Jon Hardie


X-faktor i Vatlestrumen. Foto: Jon Hardie



Torkjell til rors

søndag 4. mai 2025

Nordhordland seilforening sin Vårregatta 3.mai 2025

Laurdag 3.mai arrangerte Nordhordland seilforening den årlege Vårregattaen på Mangersfjorden.
8 båtar stilte til start. X-faktor vart segla singlehanded. Løp 2 vart vald då det var meldt svært sterke vindkast ved Kvernane i Hjeltefjorden.
Her er YouTube-video frå regattaen filma ombord i X-faktor. Eg segla med 3'ar og eitt rev i storseglet. 
Hadde litt dårleg vegval etter start. Skulle tatt første slaget tidlegare. Etter runding ved Trettholmen hadde det vore spinnakerføre inn til Bognestraumen. Vinden varierte veldig både i styrke og tildels vindvinkel so eg sette ikkje spinnaker. Hadde me vore to ombord hadde det vore noko anna. X-faktor var først i mål etter 1 time og 26 minutt. Dette held ikkje til beste korrigerte tid.



Her kan du sjå fleire bilder frå regattaen: https://photos.app.goo.gl/s9D7z9LqAS1H6pcn6


torsdag 1. mai 2025

Årets første treningsregatta i Nordhordland seilforening 29.april 2025

Årets første treningsregatta i NHS vart arrangert tysdag 29. april. Løp nr. 4: Start ved Krossnessundbrua, til runding ved Askeneset, runding ved Løypetona, runding ved Straumsneset (Askøy) og mål ved Krossnessundbrua. Det var meldt sørleg vind 6 m/s med vindkast på 12 m/s i starten. Litt minkande og dreiande SV/V. Regn, spesielt første delen.

7 båtar stilte til start. Eg segla X-faktor singlehanded. Etter start segla eg langs Nordhordlandsbrua. Vinden var oppe i 9 m/s. Eg segla med 3'ar og fullt storsegl. Etter å ha slått seglar eg mot Askøy. Slit ein del i den sterke vinden som var oppe i 11 m/s. Runda bøyen ved Askeneset som første båt framfor Søster Sol. No var det mot neset ved Løypetona. Vågde ikkje å heisa spinnaker på dette legget. Det gjekk unna i ca 7 knop. Etter runding var det kryss mot Straumsneset på Askøy. No var det motstraum, men greidde brukbare vinklar. Når eg nærma meg Askøy minka det på vinden. Var nede i 2 m/s ved runding. Etter runding k. 19.25 sette eg spinnaker og segla mot mål. Roleg til å begynna med, men vinden var oppe i 9 m/s, og vinden dreia litt att og fram mot vestleg vind. Var oppe i GPS fart på 8,6 knop og var i mål kl. 20.01.15. Tok ned spinnaker ved Frekhaug kaien, og rett etter det kom det ei kraftig vindråse. 

Her seglar eg mot mål etter å ha tatt ned spinnakeren:


X-faktor sitt spor frå Marinetraffic:


Var i hamn i Mangerøy kl. 22.30. Flott solnedgang når eg nærma med Bognestraumen.




mandag 24. mars 2025

Ferdig bunnsmurd 23.mars

Ferdig bunnsmurd søndag 23.mars . 2 strøk med International VC Offshore EU Dover white. Brukte 4,5 time på jobben. Fargen skal verta kvitare ved sjøsetjing.







torsdag 6. mars 2025

Presenningen er tatt av: Nærmar seg vårpuss

 I dag har eg vore på Litlebergen og tatt av presenningen.




Har tatt på ein liten duk over bommen. Vatn vert tilgjengeleg i båthamna no, og då vert det vasking, og etterkvart polering/voksing. Sjøsetjing vert 12.april.

tirsdag 25. februar 2025

Silverrudder 2024 - transportetappar Manger - Svendborg - Manger


Eg har laga ein video med bilder og videoar frå transportetappae frå Manger til Svendborg og retur til Manger i samband med Silverrudder 2024 i Danmark.