mandag 29. mai 2023
Seilmakeren doublehanded 2023
tirsdag 23. mai 2023
mandag 22. mai 2023
Hjeltefjorden shorthanded 21.mai 2023
Søndag 21.mai 2023 arrangerte Ran seilforening regattaen Hjeltefjorden shorthanded. Det er tredje gongen eg deltar på denne regattaen. Ein gong doublehanded med Eivind, og i fjor singlehanded. Eg meldte med på i singlehandedklassen i år også. Det var 2 deltakarar i denne klassen, og 9 deltakarar i doublehandedklassen. Værmeldinga gjekk ut på 3 - 4 m/s frå sørvest, dreiande vest i løpet av første timen.
Starten gjekk kl. 12.05, og eg kom godt ut i starten, men brukte litt mykje tid for å få opp spinnakeren.
Hadde gløymd å festa spinnakerbomopphalet. Helst skulle eg hatt festa spinnakerfallet og sett opp bommen før start, men eg måtte ta ein runde eitt minutt før start, så det hadde hadde vorte problemer.
No var det skarp spinnakerslør mot Rotøyane. Litt for skarpt til tider. Ved runding Rotøyane gjekk spinnakerjibben greit. No segla me innover mot Gulskjeret med spinnaker. Tok veldig inn på dei fremste båtane på dette legget. Tok ned spinnakeren litt tidleg, men slik er det å segla åleine.
No var det kryss utover mot babordrunding av Rotøyane. Det gjekk fint i den svake vinden. Ved runding Rotøyane laga eg klart til å setja spinnaker inn mot mål i Anglevika. No låg vinden på 4 - 5 m/s, og eg såg på båtane framfor (Levens og FS 2) at det var skarpt, sjølv med gennaker. Valde derfor å segla med genoa inn til mål. Brukte 2 timar og 18 minutt på seglasen. Det vart seier i singlehandedklassen. På korrigert tid var X-faktor nr. 3 av alle båtane. Det er eg fornøyd med.
![]() |
Runding Rotøyane andre gong |
![]() |
X-faktor sitt spor frå Marintraffic |
![]() |
X-faktor har fått opp spinnakeren rett etter start |
lørdag 20. mai 2023
fredag 19. mai 2023
Huftarøy rundt 2023
Huftarøy rundt vart arrangert av Os seilforening 18.mai 2023 med start kl. 11 i Strøneosen. X-faktor stilte i DH-klassen der det var flest påmeldte båtar, 11 i talet. Eivind var mannskap. Eg segla til Bergens seilforening 17.mai om kvelden, og overnatta der. Eivind kom ombord der 18.mai om morgonen. Det var opp i 7 m/s motvind når me gjekk for motor til startområdet, og me hadde ikkje så god tid før start. Løp2 skulle seglast. Dvs start mot sør. Me hadde nok ikkje sett oss godt nok inn i kvar startlina var, og me hadde ikkje kontroll på startprosedyren. Dermed vart det ein litt dårleg start.
![]() |
X-faktor langt bak i starten |
Vinden var i starten frå aust ca. 5-6 m/s, og me segla slør i god fart over Bjørnafjorden mot Langenuen. Når me kom inn i Langenuen dreia vinden mot sør, og det vart kryss sørover langs Austevoll-landet, innom Tobbeholmane og vidare mot rundingsmerke Kalvsundboen. Det var motstraum og ein del bølgjer, og eg synes det var litt vanskelege seglforhold. Sporet frå Marinetraffic viser likevel at me kryssa bra . God høgde og fart. Me hadde ein litt dårleg periode ved inngang til Langenuen når vinden dreia, og det var lite vind ein periode. Etter runding av Kalvsundboen kom vinden opp i 7 - 8 m/s, og me måtte venta litt med å setja spinnaker då vindvinkelen var litt for skarp. Me segla litt opp før me fall av litt og sette spinnakeren. No segla me i over 7 knop mot Bekkjarvikbrua. Litt rotete vind rett etter brua. Me jibba, men fekk snurr i spinnakeren og jibba tilbake. No segla me i 7 - 8 knop mot Grøningen. Der jibba me , og segla deretter spinnaker på same hals heilt til merke Lindholmen rett nord for Hufthamar. Derifrå og til mål i Strøneosen var det slør i god vind og med fart på 7 - 8 knop. Me var i mål kl. 15.08.02 etter å ha segla i 4 timar og 8 minutt. Det held til 4.plass i DH-klassen ca 5 minutt etter Levens som fekk 3.plassen. X-yahts på dei 2 første plassane: X-35 på 1.plass og Xp38 på 2.plass. Gratulera til Håvard Espeset og Frode Haugland med overall-seier !
Resutatliste: http://www.os-seilforening.org/index.php/huresultater?view=resultat®aid=HU-23
![]() |
Spor frå Marinetraffic |
søndag 14. mai 2023
Nordhordland seilforening sin Vårregatta 13.mai 2023
13.mai var det klart for første klubbregatta i NHS.
Start kl. 12.00 på GPS tid i Bognestraumen, deretter nordover Mangersfjorden og runding bøye ved Trettholmen, deretter vestover til runding Kvernane NV for Skjelanger. Så er det runding Blodflua i Bognestraumen og til mål i Mangersvågen.
8 båtar stilte opp. 4 har Norrating målebrev, og 4 i turklasse. X-faktor vart segla singlehanded.
Det var ingen vind når X-faktor kom inn til startområdet kl. 11.20. Når starten gjekk var det 1 - 1,5 m/s frå NV. Det var lite vind til me kom ut i Hjeltefjorden og segla mot Kvernane. Då kom vinden opp i 5 - 6 m/s frå NV. Denne vinden held seg til mål, men det var litt mindre vind inne ved Blodflua.
Eg valde å segla med Genoa 3 på grunn av at det var meldt opp i 5 - 6 m/s. Dette var for lite segl første del av regattaen, men eg synes X-faktor seglar utruleg godt med denne nye 3'aren. Shiba Juvel, Dehler 46, runda først ved Trettholmen, deretter X-faktor og Sheeba II. På legget mot Kvernane segla Shiba Juvel litt frå meg. Shiba Juvel segla uten genaker inn mot Blodflua, og X-faktor , som segla med spinnaker, tok omtrent igjen Shiba Juvel når me runda der. Sheeba II venta lenge med å få opp spinnaker, og kom litt på etterskot. På legget frå Blodflua og til mål i Mangersvågen var det flotte kryssforhold. Shiba Juvel segla litt frå meg her.
![]() |
X-faktor med spinnaker mot Blodflua. Shiba Juvel kan sjåast lenger framme. Eg nådde igjen Shiba Juvel ved Blodflua. |
Her er resultatlista:
![]() |
X-faktor sitt spor på Mainetraffic. |
![]() |
X-faktor på veg mot første merket. Foto: Torleif Johnsen |
YouTube video frå regattaen:
torsdag 11. mai 2023
Ny ledeblokk på babord side
Eg skifta ledeblokka på babord side 5.mai i fjor. Kjøpte då ny frå OH Marine i Danmark, lik den som var der frå før. No var trinsa til genoafallet heilt utsliten, og eg måtte ha ny.
https://x-faktornor9341.blogspot.com/2022/05/ny-ledeblokk.html
Denne gongen har eg kjøpt ei Selden ledeblokk hos Seilmaker Iversen. Håper den varer mykje lenger.
lørdag 6. mai 2023
X-faktor sjøsett fredag 5.mai 2023
Etter litt over ei veke på land vart X-faktor sjøsett fredag ettermiddag, 5.mai. Det var kaldt og mykje nordavind første dagane, men det vart betre etterkvart. Bunnen vart vasslipt med 400 papir. Skutesidene vaska, polert og voksa med Jotun sine produkt. Påførte 2 strøk med VC17m. Tidlegare var dette VC 17m Ekstra. Synes det var litt lettare å jobba med. Håper det er like bra som før. På roret har eg 3 strøk med Jotun Hard Racing. På drevet og rundt rorstammen Jotun drevspray. Propellen er pussa blank. Her er YouTube video frå båtpussen: