lørdag 22. mai 2010

2.plass i klassen i Seilmakeren doublehanded 2010

Det vart 2. plass i klassen og 12.plass overall i Seilmakeren doublehanded 2010. 1.plassen i vår klasse gjekk til X-99'en NN frå Stavanger. 3. plass gjekk til Gleden frå Askøy. Du kan kjøra replay på trackinga av regattaen her (bruk Speed 500). Trackingboksen vår virka ikkje før vi kom til utsida av Bømlo på veg sørover. Seilmakeren doublehanded handlar ein del om vegval. I ettertid kan det sjå ut som om vi skulle segla Kobbeleia i staden for Vatlestraumen sørover. Vi skulle tatt Karmsundet nordover og gått ut ved Espevær. Av trackinga ser eg at vi segla godt nordover med fine linjer og god høyde. Takk til Torkjell Tolo som gjorde ein kjempeinnsats som mannskap. Klikk  under så kan du sjå fotoalbum frå regattaen ( oppdatert 25.mai med nokre bilder som eg har fått frå fotograf Trond J. Hansen):

Her er fotoalbumet:

https://photos.app.goo.gl/SsEsYorzZQRtp8mL8

X-99'en som vann klassen segla ikkje løpet. Dette kunne me sjå på trackinga i ettertid. Me oppdaga ikkje dette før protestfristen var ute. Den segla på innsida av Liaskjeret på returen. Det var mykje raskare. Me segla på rett side der det var lite vind og sterk motstraum.


 

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med en vel gjennomført regatta! Dette var dere vel fortjent. Flott seilt!

    SvarSlett
  2. imponerende krysslegg hjem igjen.
    det du påpeker om feil på veivalg, kan dere pusse av neste gang. totalt sett solid gjennomføring

    SvarSlett
  3. Eigentleg vann me klassen i 2010. X-99'en som vann klassen segla ikkje løpet. Me vart ikkje klar over det før protestfristen var ute. Det viste tydeleg på trackinga.

    SvarSlett