tirsdag 25. februar 2025
Silverrudder 2024 - transportetappar Manger - Svendborg - Manger
søndag 8. desember 2024
lørdag 9. november 2024
Artikkel i Seilmagasinet om X-332 som bruktbåt
I Seilmagasinet 6-2024 er det ein artikkel om X-332 som bruktbåt. i artikkelen er det ein del bilder av X-faktor
mandag 4. november 2024
Ny gassfjør i bomvangen/kicken
Etter at eg kom heim frå Danmark slutta plutseleg gassfjøra i bomvangen å virka. Eg demonterte bomvangen og gassfjøra var ganske rusta, og det var ingen motstand. Den var ny i 2011. Eg bestilte ny gassfjør (2000 N) frå John Mast AS i Danmark. Den kom etter nokre dagar, og eg monterte saman bomvangen igjen. Då hadde eg også spleist ny vectranline som går inne i bomvangen. Eg tar av bomvangen kvar vinter, men eg må kanskje også ta ut gassfjøra for å unngå rust.
![]() |
| Gamal og ny gassfjør |
![]() |
| Ferdig montert. Ein popnagel i nedre enden. |
søndag 3. november 2024
Presenningen er på for vinteren
I dag har eg fått på presenningen for vinteren.
![]() |
| Presenningen er på |
søndag 27. oktober 2024
X-faktor løfta på land for vinteren 26.10.2024
Eg bestemte meg for å ta X-faktor på land på Litlebergen også denne vinteren. Torsdag 24.10 gjekk eg for motor til Litlebergen i søraust vind opp i 15 m/s på Mangersfjorden. Inne ved Vetås var det også vindråser opp i 12 m/s. Fredag lasta eg opp krybba m.m. og kjørte det til Litlebergen der eg monterte krybba.
Laurdag morgon var eg på Litlebergen kl. 07.30. Det var 9 båtar som skulle takast opp. 8 seglbåtar og 1 motorbåt.
Litt over kl. 10 var det X-faktor sin tur. Eg hadde lagt godt med vekt i baugen for at ikkje stroppen skulle ta borti windex og akterstagløftet. Dette gjekk bra.
![]() |
| X-faktor vert løfta opp med senterløft. Ikkje mykje grodd. |
Eg vannslipte lett heile bunnen, og vaska skutesidene. Kjørte motoren ein liten halvtime i ferskvatn, og til slutt med 40% frostveska.
Kjørte heim igjen kl. 16.30. Presenningen må eg ta på om nokre dagar.
lørdag 12. oktober 2024
Silverrudder - Challenge of the Sea - recap film 2024
Bruk 2160 kvalitet og full skjerm. X-faktor er med i videoen frå 3.30
![]() |
| Dette bildet av X-faktor er klipt frå slutten av videoen |











