torsdag 10. mai 2018

Huftarøy rundt 10.mai 2018

Huftarøy rundt tel med i Shorthandedrankinga så eg meldte på X-faktor i doublehandedklassen. Eivind Tysse stillte opp som mannskap.
8 båtar var påmeldt i DH-klassen. 18 båtar totalt i regattaen.
Det striregna heile tida og vinden varierte mellom 2-3 m/s og 0 m/s.
Me hadde bra posisjon i starten og kom godt ut med fri vind. Løp 1 mot Hufthamar.
Midt i fjorden låg me og kniva med X-41 Sval om å vera fremst i feltet. Dette såg bra ut. Etter kvart kunne med setja spinnaker. Når me nærma oss Trollsøykalven vart det for skarpt og det var opp igjen med genoaen. First 36.7, Vilja, som var i vår klasse hadde no passert oss, men me låg rett bak.
Det vart avkorting ved Lindholmen som var første merke. Vinden daua no heilt vekk, og det vart mykje reking mot slutten. Vilja greidde å få 16 minuttar på oss inn til mål, og det held til seier for Vilja.
Me kom på ein hederleg 2.plass i klassen. 3.plass overall.
Det må me sei oss fornøgde med.

Har ingen bilder enno. Kjem kanskje nokon seinare.

Resultatliste

Tracking (RaceQ)



fredag 27. april 2018

X-faktor på land 26.april 2018

Torsdag 26.april kl. 20 vart X-faktor heist på land på Manger. No vert det skifte av girolje, tærezinkar, polering, voksing og nytt bunnstoff. Det vart mørkt før eg var ferdig med å vaska bunnen.
Eg satsar på sjøsetjing 7.mai.



fredag 20. april 2018

Vårpuss

Neste veke skal X-faktor på land for polering/voksing, 2 strøk med VC17 og skifting av tærezink og girolja.
Er allerede igang. Overbygg og cocpit er polert og voksa. Brukar Jotun Marine Polish og Hard wax.





mandag 19. mars 2018

Isbjørnseilasen 2018

17.mars (Wenche sin bursdag !) arrangerte Bergens seilforening Isbjørnseilasen (Isbjørnen).
Eg segla X-faktor til Bergens seilforening på fredag. Starta frå Manger kl. 12, og var framme i BS kl. 16.30 etter ein fin seglas sørover Hjeltefjorden.
Her ein liten videosnutt frå fredagens seglas:


Det var berre Torkjell som kunne stilla som mannskap, så det vart doublehandedklassen. Her var det 4 båtar av dei ialt 15 påmeldte båtane.

Det var meldt svært lite vind på Raunefjorden. Varselsignal var kl. 12 laurdag og starten gjekk kl. 12.05. Me hadde grei start, og spinnakeren kom raskt opp. La oss litt til barbord i feltet. Segla mot runding Spikaren. Ei stund før runding var vinden for skarp til spinnaker og me heiste genoaen. Me kom litt for langt bort frå Spikaren, og vidare mot Tangeflua, nordst på Lerøyna, kom me litt for lang sør. Segla bra ei stund, men me måtte pina oss rundt neset før Tangeflua. Vidare mot rundingsbøyen ved Klokkarvik vart det spinnaker igjen ei stund. Deretter vindstille, og feltet samla seg, og så litt vind rett imot ! Me runda rett etter FS 2. No var det vidare mot Tangeflua igjen der det vart avkorting og målgang.
På dette legget vart me varsla om at Danmarksbåten skulle koma og feltet delte seg i to for å gje plass. Me segla mot Sund-landet saman med m.a. FS2 og Vito. Båtane som gjekk på andre sida kom betre ut. Kom oss i mål før FS2, rett etter Vito. Det må me vera fornøyde med under desse forholda.

Her ein lite video. Ikkje mykje action:


Laurdag kveld vart det middag og premieutdeling kl. 18.00. Her er resultatlista.
Her er tracking av regattaen.

Kveldsstemning i BS

X-faktor ved kai i BS

Søndag morgon
Starta kl. 08.00 på søndag og gjekk for motor heim. Var heime kl. 12.30.

mandag 12. mars 2018

Snart klar for Isbjørnseilasen 2018

Fekk på storseglet idag, og X-faktor er snart klar for Isbjørnseilasen eller Isbjørnen 2018. Starten går kl. 12 laurdag 17.mars. Arrangør er Bergens seilforening. X-faktor seglar til Bergens seilforening på fredag. Eg er spent på om det er isfritt i Kvitturspollen.
Meir info finn du her. Pr. idag måndag er det berre påmeldt 8 båtar. Håper det vert fleire. Det er meldt flott vær med svak vind frå aust, sol og eit par minusgrader.

Flott på Manger idag. Sol, 5 plussgrader og ein liten nordavind. Isfri hamn sjølvsagt.