lørdag 9. november 2024

Artikkel i Seilmagasinet om X-332 som bruktbåt

 I Seilmagasinet 6-2024 er det ein artikkel om X-332 som bruktbåt. i artikkelen er det ein del bilder av X-faktor 


mandag 4. november 2024

Ny gassfjør i bomvangen/kicken

Etter at eg kom heim frå Danmark slutta plutseleg gassfjøra i bomvangen å virka. Eg demonterte bomvangen og gassfjøra var ganske rusta, og det var ingen motstand. Den var ny i 2011. Eg bestilte ny gassfjør (2000 N) frå John Mast AS i Danmark. Den kom etter nokre dagar, og eg monterte saman bomvangen igjen.  Då hadde eg også spleist ny vectranline som går inne i bomvangen. Eg tar av bomvangen kvar vinter, men eg må kanskje også ta ut gassfjøra for å unngå rust.

Gamal og ny gassfjør

Ferdig montert. Ein popnagel i nedre enden.



søndag 3. november 2024

Presenningen er på for vinteren

 I dag har eg fått på presenningen for vinteren. 

Presenningen er på


I tillegg er vanntanken tømt og reingjort, og ferksvasssystemet er frostsikra med giftfri fryseveska.


Alle puter /madrasser er tatt heim i kjellarstova, og det meste av saker og ting/ instruksjonsbøker m.m. er også tatt heim. Båten er dermed stort sett tom. Har på Arida avfuktar med slange som drenerer til vasken i byssa. Det ser ut til at det vert plussgrader eit par veker enno, så varmeovnen får venta.

søndag 27. oktober 2024

X-faktor løfta på land for vinteren 26.10.2024

Eg bestemte meg for å ta X-faktor på land på Litlebergen også denne vinteren. Torsdag 24.10 gjekk eg for motor til Litlebergen i søraust vind opp i 15 m/s på Mangersfjorden. Inne ved Vetås var det også vindråser opp i 12 m/s. Fredag lasta eg opp krybba m.m. og kjørte det til Litlebergen der eg monterte krybba.

Laurdag morgon var eg på Litlebergen kl. 07.30. Det var 9 båtar som skulle takast opp. 8 seglbåtar og 1 motorbåt.

Litt over kl. 10 var det X-faktor sin tur. Eg hadde lagt godt med vekt i baugen for at ikkje stroppen skulle ta borti windex og akterstagløftet. Dette gjekk bra.

X-faktor vert løfta opp med senterløft. Ikkje mykje grodd.

Eg vannslipte lett heile bunnen, og vaska skutesidene. Kjørte motoren ein liten halvtime i ferskvatn, og til slutt med 40% frostveska.



Kjørte heim igjen kl. 16.30.  Presenningen må eg ta på om nokre dagar.



lørdag 12. oktober 2024

Silverrudder - Challenge of the Sea - recap film 2024

We invite you to enjoy the 2024 recap film from this year’s SILVERRUDDER. Please consider it as a token of our gratitude to all of you for making it a magical event.
YNSA
The SILVERRUDDER Team

https://fb.watch/va4ZXKXijW/ 

Bruk 2160 kvalitet og full skjerm. X-faktor er med i videoen frå 3.30 

Dette bildet av X-faktor er klipt frå slutten av videoen 

søndag 6. oktober 2024

Prosjekt Silverrudder 2024

Eg har følgd med på singlehandedregattaen Silverrudder i fleire år. I starten av 2024 bestemte eg meg for å ha som mål å delta i regattaen i 2024. Eivind Tysse sa tidleg at han kunne vera med å segla X-faktor ned til Svendborg og heim igjen etter regattaen. Påmeldinga var 10.mars kl. 18.00, og eg sat klar framfor PC'en med nødvendige opplysningar for registrering. Dette gjekk fint. Etter 21 minuttar var alle 450 plassane i regattaen teikna. Eg brukte ein god del tid utover våren og sommaren på å sjå på YouTube-videoar frå regattaen, studera kart over området, studera Race Guiden for 2023 og sjå på trackingar frå tidlegare år. Eg segla mest mogeleg singlehanded i treningsregattaer og klubbregattaene og fekk også med med Bergen singlehanded før me sette kursen for Danmark.

Eg grugleda med litt til dette. Det var mange ting som kunne skje. Dårleg vær både på turen nedover, på regattaen og på turen heimatt. Eg kunne gå på grunn på regattaen. Det er svært grunt mange stader, og mykje straum. Tett med båtar og trangt om plassen, spesielt i starten.

Torsdag 12.september kl. 08.30 la eg ut frå Manger. Værmeldinga såg bra om med nordvest vind. Eg segla først til Hjellestad der Eivind kom ombord, og me held fram sørover kl. 13.30.  Me segla gjennom Austevoll, Nyleia og segla gjennom Haugesund kl. 22. Når det lysna fredag 13.september segla me langs Jæren. Litt før kl. 16 var me ved Lindesnes. Vinden var no oppe i 12 m/s og me surfa avgårde i opp i 13 knop.

Ved Lindesnes fredag 13/9 kl. 16

No var me litt slitne og segla inn til hamna i Sprangereid . Der laga me oss mat og sov eit par timar.  Vinden skulle roa seg litt utover kvelden. Kl. 20 sette me avgårde igjen med kurs for Skagen. 
Hadde fine forhold over Skagerak. 
Over Skagerak

Var framme i Skagen kl. 17 laurdag 14/9 etter å ha segla 327 nm frå Manger. Her fekk me oss middag, og gjekk tidleg til køys.

Skagen. God plass i hamna.

Søndag morgon kl. 7 la me ut frå Skagen med kurs sørover mot Svendborg. Det var motvind og motstraum når med starta. Turen frå Skagen til Svendborg tok 37 timar , og segla distanse var 192 nm.

Framme i Svendborg havn mandag 16/9 kl. 20.

No hadde me god tid, og kunne kvila oss ut etter seglasen. I Svendborg var det sommarvær og ein flott by. Me fekk kontakt med nokre av dei andre nordmennene som hadde kome til Svendborg for å segla Silverrudder. Me åt middag i lag om kveldane. Ein kjekk gjeng å vera i lag med. 

Svendborg havn. X-faktor markert med raud prikk

Torsdag kveld var det skipparmøte med informasjon og værmelding. Ein time før skipparmøtet hadde me 9 (6 tyskarar, 2 danskar og eg) X-332 seglarane møte der me presenterte kvarandre, og snakka om regattaen. Nokre av desse hadde vore med i Silverrudder mange gongar. Løpet skulle også i år gå mot klokka, dvs austover i starten frå Svendborg. Det ville vera ca 2 knop medstraum i starten. Eg segla i klasse Keelboat medium som skulle starta kl. 11.  130 båtar var med i denne klassen. 

Når det gjeld regattaen viser eg til YouTube videoen. YouTube X-faktor i Silverrudder 2024 Eg held meg litt bak i starten og hadde dermed bra kontroll. Eg segla med Genoa 3. Eg trur eg kunne segla ut Svendborgsundet utan å slå, men det kom nokre styrbordsbåtar som eg måtte vika for. Dermed vart det eit par slag. Når me hadde slått nordover ved Thurø rev låg eg som nr. 40. 
Nordover gjekk det unna. Eg valde å gå mot austsida av øya Vresen. Då vart det ein periode med lite eller ingen vind. Eg var ein gong oppe på 15.plass, men låg no i eit vindhol og vart liggjande lenger enn mange av dei andre båtane. Når eg kom i gang igjen var eg på ein 70.plass. Hadde no skifta til Genoa 1.
Fekk sopass fart i båten at eg kom meg greit under Storebæltbrua(Vesterbroen) . Eg segla mellom brukar nr. 38 og 39 der høgden er oppgitt til 16,6 meter.
På nordsida av brua tok vinden seg gradvis opp. Eg segla på austsida av øya Romsø. God medstraum.
Etter Romsø mot Fyns hoved sette eg spinnaker og hadde ein fin spinnakerslør nordvestover. No gjekk sola ned og det vart mørkt.

Runda Fyns hoved kl. 21.45. Var no på 60.plass. 
No vart det lens mot Æbelø. Det vart skodda og yr i luften. 


Ved passering Æbelø var eg på ein 58.plass. Det var no ein del bølgjer, og det vart nokre spinnakerjibbar før eg kom til Lillebælt. Ved Strib fyr i starten på Lillebælt låg eg på 56.plass. 
Passerte Den gamle Lillebæltsbro kl 03.30 om natta. Det gjekk veldig greit med spinnakersegling gjennom Lillebælt utan noko særleg straum. Ved utløpet av Lillebælt låg eg på ein 52.plass.

No vart det etterkvart lyst. Etter passering Torø vart det ein vindstille periode, og eg tok ned spinnakeren. Kunne nok hatt spinnakeren oppe ei stund når vinden etterkvart kom igjen, men eg trudde at austavinden kom no. Eg låg på 49.plass når austavinden kom. No vart det kryss til mål i Svendborg.

Passering Helnæs fyr kl. 9.30 laurdag.

Kryssinga innover Svendborgsundet gjekk greit. Måtte passa godt på at eg hadde nok djupne. Det var veldig grunt. Hadde 1,9 meter på dybdemålaren ein gong!


Var i mål kl 15.14.20 etter 28 timar og 14 minutts seglas, og 46.plass i klassen. Det var eg veldig nøgd med. I Silverrudder eg det om å gjera å fullføra og få t-skjorta med Finisher på.



X-faktor nærmar seg mål i Svendborg.

Etter eit par timars søvn var det middag på Jensens Bøfhus med den norske gjengen.
Søndag var det premieutdeling og avslutning kl. 13.  
Kl. 14 var Eivind og eg klar for den lange turen heimigjen. Værmeldingane var litt so som so.
Me segla frå Svendborg til Skagen, og var framme i Skagen kl. 21.30 mandag kveld. 

Kl 8 tirsdag morgon var me avgårde igjen etter å ha handla litt mat i Skagen. Flott tur over Skagerak. 

Solnedgang i Skagerak tirsdag kveld.

Var framme i Mandal kl. 2 natt til onsdag. Vart ein del regn på slutten. Vinden snudde brått til nordvest rett før me kom til Ryvingen fyr.  Det var meldt mykje vind onsdag, og me venta til kl. 16 før me segla frå Mandal mot Lindesnes. 

Var ved Lindesnes kl. 19.30 onsdag kveld. Vinden var 9 - 10 m/s.

Me gjekk for motor. Kom oss rundt Lindesnes og gjekk indre lei via Korshamn til Lista.
No hadde vinden minka noko, og me tøffa  nordvestover og var ved Obrestad fyr kl. 8 om torsdagsmorgonen. Var inne i Haugesund og fylte diesel. Var framme i Strusshamn kl. 3 natt til fredag  27/9. Her mønstra Eivind av, og eg fortsette til Manger fredag føremiddag.
Dette har vore litt av ein tur og litt av ei oppleving.
Stor takk til Eivind som var med meg på denne turen.



Sjå meir om Silverrudder på https://silverrudder.com/

X-faktor sitt spor på Silverrudder på Navionicskartet



Bilde tatt rett etter start

Silverrudder 2024 Official recap moviehttps://youtu.be/WBndwTQhmjI?si=z7XrPlQgtgL2xISn









mandag 9. september 2024

Bergen singlehanded 7.september 2024

Bergens seilforening arrangerte laurdag 7.september regattaen Bergen singlehanded for 15.gong. Eg har deltatt og fullørt alle gongane regattaen har vorte arrangert. 24 båtar var påmeldt. Dei fleste i klasse m/spinnaker. Denne gongen var det meldt svært lite vind, og eg var spent på korleis dette skulle gå. X-faktor var framme i Bergens seilforening fredag kveld. Laurdag morgon var det stille og fint vær. Dette vart kortbuksa og solkrem.

Laurdag morgon i Bergens seilforening

Etter skipparmøte kl. 9.30, gjekk me ut på fjorden. Starten skulle gå kl. 11.00, men vart utsett til kl. 12.45. Det var då ca. 1 m/s og me seig avgårde på kryss. Løpet som skulle seglast var rundt Litle Laugarøy med styrbordrunding. Etter ei stund tok vinden seg litt opp og X-faktor var oppe i 4,3 knop på det meste. Så minka vinden og dreia slik at det etter kvart vart spinnakerføre. Til tider 0 i vind. Etter å ha lagt godt framme i feltet, vart eg forbisegla av svært mange båtar. Løpet vart avkorta ved Litle Laugarøy. X-faktor brukte 3 timar og 43 minutt på den korte seglasen.

X-faktor sitt spor frå Marinetraffic


X-faktor mot målpassering

                                                      Eit par videoklipp frå seglasen


Her er resultatlista


søndag 1. september 2024

Nordhordland seilforening sin Sommerregatta 31.august

Laurdag 31.august vart NHS sin Sommerregatta arrangert, 11 båtar stilte til start på Kvernafjorden. X-faktor vart segla singlehanded. Før start var det ingen vind, men eit par minuttar før start kom det ein liten trekk frå NV. X-faktor hadde god start og fekk opp spinnakeren rett før starttidspunktet. Løpet gjkk no mot Hagelsundet. Vidare forbi Knarvik kai der det var eit merke. Eg såg på den bøyen, men det stod ingenting på den. Trudde då at rundingsbøyen låg lenger inne i fjorden. Det gjorde den ikkje. Dette var min feil. Det var oppgitt posisjon for bøyen i seglingsbestemmelsane.

X-faktor ved bøyen i Knarvik (foto Frode Nygaard Knutsen)

 Eg segla no vidare med spinnaker mot Hamreflu stake. Søster Sol hadde no nesten tatt meg igjen.

X-faktor og Søster Sol mot Hamreflua (foto Sondre Flataker)

 Eg tok ned spinnakeren og runda rett før Søster Sol. No var det kryss tilbake til merket ved Knarvik kai. Vidare gjekk løpet under Nordhordlandsbrua til runding merke ved Løypetona (Frekhaug). På dette strekket var det slør. Til tider kunne eg ha segla spinnaker, men det var nok litt skarpt og vinden varierte mykje. Ved løypetona var det lite vind. No vart det kryss til mål ved Krossnessundbrua. Etterkvart tok vinden seg opp og eg hadde gode krysningsvinklar mot mål. Var i mål etter 2 timar 27 minutt og 54 sek. 

Resultatliste

Spor frå Marinetraffic for X-faktor 




mandag 19. august 2024

Askøy rundt 17. og 18.august 2024

 X-faktor deltok i helga 17. og 18.august i regattaen Askøy rundt. Me deltok i doublehandedklassen der det var påmeldt 15 båtar. Totalt var det påmeldt 51 båtar til regattaen. Eivind Tysse var mannskap. Eg segla fredag ettermiddag til Litlebergen for å ha kortare veg til startområdet ved Bakarvågen laurdag morgon.

X-faktor til kai på Litlebergen fredag.

Eivind kom ombord i Bakarvågen laurdag morgon. Starten gjekk kl. 12.00 i sørvestleg vind 6-7 m/s. Løpet gjekk deretter til rundingsbøye ved Nordnes, så nordover Byfjorden og Herdlefjorden , gjennom Det naue, Søreflu stake på Herdlaflaket og til mål vest for Herdla brua. Me hadde god start og segla bra mot Nordnes. Greidde å stå til merket ved Nordnes utan å slå. Etter runding var det medvind, og me fekk etter litt kluss opp spinnakeren. Me måtte ta ned spinnakeren før Askeneset. Då ville vinden vera for skarp for spinnaker. Tok ned spinnakeren for tidleg, men hadde likevel bra fart i båten med 3'ar og fullt storsegl. Nordover Herdlefjorden i SV-vind betyr vindråser så det vart ein krevande seglas . Det gjekk bra. Ved Det naue kunne me hatt oppe spinnakeren ei lita stund, men åt nista vår istaden. Vidare segla me mot Søreflu stake. Derifrå og til mål var det full kryss i 8 - 9 m/s. Måtte ta eit slag for å stå opp til mål. Me gjekk i mål kl. 15.19.37. Det held til ein 7.plass i DH-klassen (og 7.plass overall). Frå 3.plass til 7.plass skilte det 3 minutt, så det var jevnt.

Spor frå Marinetraffic lørdag

Så var det inn i Herdlevågen for grilling og gåvepremieutdeling Det var mange båtar. Om natta var det sterk vind og regnbyger. Var oppe ein del gonger for å sjå etter fortøyning og fendring. 

I Herdlevågen. Lånt bilde. X-faktor nr. 8 i fremste rekkje.

Søndag gjekk starten kl. 11.00 vestom Herdla. Framleis sørvestleg vind 7 m/s med vindkast opp til 10 m/s . Litt minkande utover ettermiddagen. Me satsa på å byta forsegl til den tunge Genoa 1. Det var litt mykje nokre gonger, men det gjekk stort sett bra, og me hadde god fart i båten. Hadde veldig god start og sløra inn mot rundingsmerket ved Storegrunnen. Deretter vart det slør til Gjona. Etter Gjona vart det skarp slør. Etter Rongesundet var det ein periode med mindre vind. Då segla me lenger ut i fjorden og vann nok noko på det i høve til båtane som segla nært Øygarden. Me segla på austsida av Kalvsøyflua mot mål ved Ramsøy. Der var det lite motstraum. Me gjekk i mål kl. 12.51.37, berre 2 - 3 minuttar etter Levens, Asterix og Zephyr-3. Det held til 2.plass i DH-klassen etter Aphrodite 101 Mathilda, nestbeste tid også av alle båtane.

Samanlagt vart det 3.plass i DH-klassen etter Mathilda og X-35 Asterix.

Spor frå Marinetraffic søndag

Resultatlista ligg her
Eg filma ikkje laurdag, men filma stort sett heile regattaen på søndag. Eg får prøva å redigera ein liten YouTube video. 

Takk til Eivind som var mannskap.
Etter å ha vore inne i Askøy seilsportsenter med Eivind vart det ein rask segltur heimatt til Manger.






tirsdag 16. juli 2024

Singlehanded-tur til Shetland


Fredag 5.juli segla X-faktor frå Manger kl. 8.30 med kurs for Shetland. Eg har hatt ein ide om at vil segla til Shetland singlehanded. Har studert værmeldinga og funne ut at no er det fint å segla over. Var ved Geitingen lykt kl. 10. Flotte forhold med sol og ein SØ bris på 6 - 7 m/s. 


Kl. 12.20 segla eg på tvers av trafikkseparasjonssystemet som går langs Vestlandskysten. 

Passerte Troll A plattformen kl. 14.40

Litt varierande vind og den dreia om natta til vestavind og eg segla ein periode på kurs 220 grader. Vinden skulle dreia til NV, og det stemte. Då kunne eg segla med kurs rett mot Bressey. 

Land i sikte kl. 13.20 Laurdag


Var ved Kirkabister Lighthouse på Bressay kl. 16.45


Fortøydd i Albert Dock Lerwick. Brukte 30 timar frå Geitingen lykt til Bard Head.

Flytta båten til Small Boat Harbour på søndag.

Sjekka værmeldinga på søndag, og fant ut at det var fine forhold for å segla tilbake mandag ettermiddag. So mandag kl. 17.00 starta eg på heimturen. Det var i første delen av turen meldt vestleg vind, seinare sørvestleg. Deretter ein periode med lite vind, og nordavind siste stykket.

Kl. 17.30 norsk tid. 6 - 7 m/s frå vest.

Fekk raskt opp spinnakeren. Segla spinnaker i 14 timar, og hadde nokre høneblundar om natta med spinnakeren oppe.


Kl. 2 om natta


Tirsdag var det svært flotte forhold (bildet tatt kl. 10.40)

Kl. 21. Kurs mot Eldsfjellet

Var ved Geitingen lykt kl. 23.10 etter 30 timars seglas.

Var fortøydd i Mangerøy båthamn kl. 00.50 natt til onsdag 10.juli.
Var ein flott tur, spesielt turen heimatt var fantastisk fin. Eg filma ein del med GoPro-kameraet. Det kjem ein halvimes YouTube video om ikkje så lenge. 
Dette var den 21.gongen eg segla til Shetland, men første gongen singlehanded.