Det vart seier i klasse og beste tid av alle båtane på Isbjørnen 5.april. Takk til mannskapet Torkjell, Rune Fanebust og Steinar Hansen.
Det var lite vind og BS valgte kortaste løp: Start på Raunefjorden, Spikaren, Tangeflu og rundt bøye ved Klokkarvik og tilbake.
Me fekk ein nokonlunde bra start, låg ei stund i le av ein 39 fotar, men når den slo fekk me fri vind og la i veg. Etter runding av Spikaren vart det svært lite vind på båtane som låg nordst i feltet. Me såg at det var vind lenger sør, tok nokre slag og fekk vind. No låg me som 3 - 4 båt i feltet. Når me runda Tangeflua vart det mykje motstraum. Det var best vind ved Lerøy og me valgte å ta nokre slag der før me segla over på Klokkarviksida. Løpet vart avkorta her og me var 4 - 5 båt i mål.
Her er link til
resultatlista. Velg klasse og "Race 1" i seilas så ser du tidene.
Her er link til artikkel på Bergens seilforening si side med masse bilder.
Har "lånt" nokre bilder frå Bergens seilforening sitt fotoalbum
 |
Her har starten nettopp gått. |
 |
Her nærmar me oss mål. Då møtte me ein flikk med spekkhoggarar. Nokre av dei var få meter frå båten |