Bomuthalet hadde sett seg fast og det var tid for å opna bommen og finna ut av dette. Nokre kordelar i vaieren var også knekt. Det er ei utveksling på uthalet med ei blokk inne i bommen. Tauet bak til blokka hadde snurra seg hardt til, det var årsaka til at bomuthalet stod fast. Har skifta til dynema og blokk med svivel. Har også skifta 4 popnaglar på spinnakerbom-festet som var rusta. Dette har Torkjell mast om lenge no. No er det monell-popnaglar.
fredag 18. januar 2013
mandag 7. januar 2013
Neglespretten 2013
Laurdag 5.januar 2013 var det klart for Neglespretten. Mannskap var Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Bjørn Rundhovde og skipparen. 36 båtar stillte til start. Det var svært lite vind og mykje straum i mot. Løpet vart avkorta ved første merke etter ca. 2 timars segling. Båtane kom ganske samla til mål slik at dei med lågast lystal i klassen kom best ut. Me var nr. 2 i klassen over mållinja, men kom på 10.plass av 15 båtar i vår klasse 1,16 - 1,24.

Karl Otto monterer nye mellomvant.
Avkorting ved første merke. Her er Cermedez og Storm. Det skulle verta tett ved mållinja.
Her var det mykje skrik og skrål. Det hjelper lite å skrika styrdbord i ein slik situasjon.
Tørking av segl høyrer med til vinterseglinga.
Abonner på:
Innlegg (Atom)