onsdag 8. mars 2023

Shetland Race 2022 og 2023

 YouTube videoen frå Shetland Race 2022, då Eivind og eg segla double-handed i Shetland Race for 3.gong, er vist over 1.800 gonger. 


Det vart ein eigen YouTube video av innseglinga til Lerwick. Dette skulle vore bygd inn i videoen over, men det rota eg til. Denne videoen viser mykje flott spinnakersegling forbi Kirkabister Lighthouse . Denne videoen er berre vist knapt 500 gonger.


X-faktor er påmeldt Shetland Race 2023. Det vert doublehnded-segling med Eivind også i år. Til no er det påmeldt 8 båtar i DH-klassen, og 37 båtar totalt. 

https://sailracesystem.no/regatta?regatta=3743&type=nyheter&nid=1703

mandag 6. mars 2023

Liten segltur på Mangersfjorden 27.februar 2023


Fint vær 27.februar 2023 med ein bra nordavind og skyfri himmel. Fekk vårfornemmelse og måtte ta ein liten tur på fjorden.

                                           Søraustover mot Bognestraumen

                                           Nordvestover mot Toskasundet. Med litt medstraum låg farten på 7 knop.

fredag 9. desember 2022

YouTube kanalen


Det er ny adresse på YouTube kanalen min

https://youtube.com/@HaraldMatland 

Abonner gjerne på kanalen. 

I kveld vert X-faktor sin årskavalkade for 2022 lagt ut på YouTube.

tirsdag 6. desember 2022

Kevlarstorseglet

Elvstrøm storseglet som eg fekk levert i februar 2013 er no nesten 10 år.

X-332 X-faktor NOR 9341: Nytt storsegl: Nytt Elvstrøm EPEX storsegl med aramid fibrar. Karl Otto Book frå Elvstrøm Norge overleverte seglet i kveld under Fjordsailing AS sitt arr...



Eg kjøpte nytt Elvstrøm storsegl for 2 år sidan, men brukar framleis det gamle kevlarstorseglet ein del.
I dag har eg hatt det oppe i stova og sett på nokre forsterkningar og eit par nye luser. Det kan brukast lenge enno.



Frå tur rundt Fedje september 2022


fredag 18. november 2022

Ny YouTube-video vert lagt ut kl. 18.00 i dag 18.11.2022

Eg laga ein video frå ein segltur rundt Fedje 28.september 2022. Denne vert tilgjengeleg kl. 18.00 18.11.2022.



torsdag 13. oktober 2022

Ny VHF - Raymarine Ray 53

Etter at eg bytte til Raymarine Axion MFD fekk eg ikkje lenger GPS posisjon på VHF'en. Det kunne me (Eivind) nok ordna . Simrad VHF'en har vore grei, men den er litt gamaldags i bruken/menyar.
Eg har derfor kjøpt ein Raymarine Ray 53 VHF. Den har innebygd GPS, og er også kobla opp mot NMEA 2000 nettverket. Då gir den også GPS data til ST60 multiinstrumentet utan at eg har på Axiom MFD'et.  Dei gamle eksterne høytalarane skal framleis brukast. Ein inne og ein ute i cocpit.

Eg har fjerna den gamle Philips GPS navigatoren. Den vart ikkje brukt. Det gav plass til å montera den nye VHF'en på ein grei og lett tilgjengeleg plass.