mandag 16. juni 2025
søndag 8. juni 2025
NHS Klubbregatta HOLSNØY RUNDT 7.juni 2025
Laurdag 7.juni var det igjen klart for Holsnøy rundt. 8 båtar stilte til start ved Krossnessundbrua kl. 11.00.
Flott vær med ein SV bris som skulle auka litt utover og dreia meir vestleg. Når vinddreiinga kom var det ein periode med svært lite vind. Eg segla X-faktor singlehanded, og var i mål i Bognestraumen etter 3 timar og 9 minutts seglas.
![]() |
På Mangersfjorden etter målgang. Foto: Atle Syslak |
Stord shorthanded 31.mai 2025
Etter å ha segla Huftarøy rundt 29.mai låg X-faktor i Os seilforening natt til 30.mai. Om morgonen segla Eivind og eg til Leirvik for å delta i Stord shorthanded. Me hadde ein flott seglas til Leirvik via Nyleia saman med Asterix.
Laurdag var det fint vær. Starten gjekk kl. 12 i Leirvik hamn. 9 båtar var påmeldt. 5 i doublehandedklassen og 4 i singlehandedklassen. Eine båten som var påmeldt i singlehandedklassen møtte ikkje opp.
Eg laga ein YouTube video frå seglasen. Den har etter 2 dagar hatt over 1.000 visningar.
Her er resultatlista. Det vart ein til dels langdryg seglas, og nokre av båtane kom ikkje i mål.
Her er videoen
onsdag 4. juni 2025
Huftarøy rundt 29.mai 2025
Torsdag 29.mai 2025 segla me X-faktor i Huftarøy rundt. Me stilte i doublehandedklassen der det var 4 båtar. Tilsaman var det påmeldt 20 båtar til regattaen. Eg segla X-faktor til Hjellestad onsdag ettermiddag, og Eivind mønstra på torsdag morgon. Me tøffa sørover til Strøneosen der starten skulle gå kl. 10.50.
Startane i Strøneosen er ikkje noko å skryta av med nokre overettmerker på land og ein startbåt som styrbord merke. Denne er i bevegese og det går ikkje an å pinga startlina på plottaren. Vindretningen var også slik at me starta på babord hals.
Me kom oss greit avgårde og segla mot Austevoll. Låg no godt plassert i feltet. No vart det kryss mot Tobbeholmane og Kalvsundboen. Her var det motstraum og me kunne med fordel halde oss nærare Austevollslandet slik Asterix gjorde.
Etter Kalvsundboen sette me spinnaker. Sjå YouTube video. Me segla spinnaker til Lindholmen nord for Hufthammar ferjekai. Deretter vart det slør til mål i Strønosen.
Her er X-faktor sitt spor frå Marinetraffic.
Me var i mål etter å ha segla i 4 timar 28 minutt og 18 sek. Dette held til 3.plass i doublehandedklassen, men også 3.plass av alle båtane.
Her er resultatlista
Her er litt YouTube film frå spinnakerseglinga. 4 minutt og 50 sekund ut i videoen er X-faktor oppe i over 8 knop.