mandag 26. mai 2025

Klasseseier i Seilmakeren doublehanded 2025

Seilmakeren DH 2025 starta kl. 17.00 fredag 23.mai i Hauglandsosen, Askøy. I år vart det sørleg løp med runding Ramsholmane nord for Haugesund og tilbake. Torkjell Tolo var mannskap i år også. Takk til Torkjell for god innsats.

Det vart ein rask seglas i år, med god vind heile vegen. Me var i mål kl 09.38.06 laurdag morgon etter å ha segla i 16 timar og 38 minutt.

Eg har laga ein YouTube video på 23.minutt. Filma mesteparten med GoPro Hero 9 og 10 som har god digital stabilisering, og som held horisonten stabil og gir inntrykk av båten sine bevegelsar.


Litt bilder:


X-faktor i Vatlestrumen. Foto: Jon Hardie


X-faktor i Vatlestrumen. Foto: Jon Hardie



Torkjell til rors

søndag 4. mai 2025

Nordhordland seilforening sin Vårregatta 3.mai 2025

Laurdag 3.mai arrangerte Nordhordland seilforening den årlege Vårregattaen på Mangersfjorden.
8 båtar stilte til start. X-faktor vart segla singlehanded. Løp 2 vart vald då det var meldt svært sterke vindkast ved Kvernane i Hjeltefjorden.
Her er YouTube-video frå regattaen filma ombord i X-faktor. Eg segla med 3'ar og eitt rev i storseglet. 
Hadde litt dårleg vegval etter start. Skulle tatt første slaget tidlegare. Etter runding ved Trettholmen hadde det vore spinnakerføre inn til Bognestraumen. Vinden varierte veldig både i styrke og tildels vindvinkel so eg sette ikkje spinnaker. Hadde me vore to ombord hadde det vore noko anna. X-faktor var først i mål etter 1 time og 26 minutt. Dette held ikkje til beste korrigerte tid.



Her kan du sjå fleire bilder frå regattaen: https://photos.app.goo.gl/s9D7z9LqAS1H6pcn6


torsdag 1. mai 2025

Årets første treningsregatta i Nordhordland seilforening 29.april 2025

Årets første treningsregatta i NHS vart arrangert tysdag 29. april. Løp nr. 4: Start ved Krossnessundbrua, til runding ved Askeneset, runding ved Løypetona, runding ved Straumsneset (Askøy) og mål ved Krossnessundbrua. Det var meldt sørleg vind 6 m/s med vindkast på 12 m/s i starten. Litt minkande og dreiande SV/V. Regn, spesielt første delen.

7 båtar stilte til start. Eg segla X-faktor singlehanded. Etter start segla eg langs Nordhordlandsbrua. Vinden var oppe i 9 m/s. Eg segla med 3'ar og fullt storsegl. Etter å ha slått seglar eg mot Askøy. Slit ein del i den sterke vinden som var oppe i 11 m/s. Runda bøyen ved Askeneset som første båt framfor Søster Sol. No var det mot neset ved Løypetona. Vågde ikkje å heisa spinnaker på dette legget. Det gjekk unna i ca 7 knop. Etter runding var det kryss mot Straumsneset på Askøy. No var det motstraum, men greidde brukbare vinklar. Når eg nærma meg Askøy minka det på vinden. Var nede i 2 m/s ved runding. Etter runding k. 19.25 sette eg spinnaker og segla mot mål. Roleg til å begynna med, men vinden var oppe i 9 m/s, og vinden dreia litt att og fram mot vestleg vind. Var oppe i GPS fart på 8,6 knop og var i mål kl. 20.01.15. Tok ned spinnaker ved Frekhaug kaien, og rett etter det kom det ei kraftig vindråse. 

Her seglar eg mot mål etter å ha tatt ned spinnakeren:


X-faktor sitt spor frå Marinetraffic:


Var i hamn i Mangerøy kl. 22.30. Flott solnedgang når eg nærma med Bognestraumen.