søndag 4. mars 2012

Isbjørnseilasen 17.mars 2012


Laurdag 17.mars er det klart for Bergens seilforening sin Isbjørnseilas.
Bildet viser X-faktor under Isbjørnseilasen i 2011. Me får håpa at værforholda er like fine også i 2012. Mannskap vert Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Bjørn Rundhovde, Jan Landvik og eg. Meir info om Isbjørnseilasen og deltakarliste finn du her. Isbjørnseilasen er siste regatta i Hordaland seilkrets sin Vintercup 2011/2012. Vi deltok ikkje i Nisseseilasen som var første regatta i cupen, men det er dei 3 beste resultata som tel. Er litt spent på korleis me ligg an. Åsane seilforening rota det litt til ved ikkje å bruka den vanlege klasseinndelinga i Neglespretten. Når også forholda vart svært ulike i dei forskjellige klassane er det ikkje godt å sei korleis dette har gått. I Snøføyka har me iallefall ein 1.plass.

søndag 19. februar 2012

Tørking av segl. Ein del av vinterseglinga.

Snøføyka 2012



Laurdag 18.februar 2012 segla me Snøføyka som vert arrangert av RAN seilforening. Regattaen inngår i Hordaland seilkrets sin Vintercup. Eg gjekk til Anglevik fredag ettermiddag. Laurdag morgon kom mannskapet: Torkjell Tolo, Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde og Morten Ådland. Det var i dagane før regattaen meldt SV kuling, men meldingane gjekk laurdag morgon ut på mindre vind frå SV og opphaldsvær. Vinden vart enno mindre enn meldt, men det regna kraftig i første del av regattaen. Klasseinndeling var LYS t.o.m. 1,24, og LYS 1,25 og oppover. I vår klasse var det 10 båtar, og me hadde høgast lys-tal med 1,24. Me starta 5 minuttar før andre klasse. Me hadde ein litt dårleg start, men var andre båt til å runda første merke som låg ca 2-300 meter frå startlina. Derfrå var det opp med spinnaker og segla NØ mot neste merke som var Gullskjæret inst i Hauglandsosen. No var det svært lite vind, og alle dei andre båtane tok innpå oss og tok også i perodar vinden frå oss. Etter jibbing utanfor Hanøytangen fekk me bra fart og runda Gullskjæret som første båt i klassen. På det nederste bildet rundar me Gullskjæret mellom Scirocco III (lys 1,35)og Amaryllis (lys 1,36). Når me kom til Hauglandsosen lykt tok vinden seg opp og me bestemte oss for å kryssa oss opp mellom Skorpo og Færøy. Dette gjekk bra i svært varierande vind. Når me kom til Skageflua som var neste merke, vart løpet avkorta og me gjekk i mål som første båt i klassen. Litt synd at me ikkje fekk segla ein runde til. På korrigert tid var me slått av ein Express (lys 1,12) og Shiraz, ein Albin Cumulus (lys 1,09). I vintercupen er klasseinndelinga opptil Lys 1,15, lys 1,16 - 1,24 osv. Så i Vintercupen vert me ståande med ein 1.plass. Det må me vera fornøyd med! Sjå meir bilete og resultatliste på RAN si side. Etter regattaen var det varm suppe og debriefing ved Thomas Nilsson. Han var ikkje imponert over korleis mesteparten av båtane planla og gjennomførte starten. Elles snakka han mykje om for strame segl og fall i lite vind og viktigheten av rett vektfordeling i båten. Dette vart det synda mykje mot. Det kunne me også sjå på videoen som han viste. Sjå også artikkel på kappseiling.no

søndag 5. februar 2012

Snø og kuling ute.


Under presenningen er det tørt og lunt.
X-faktor er påmeldt til Snøføyka 18.februar. Snøføyka 2012 vert arranger av RAN seilforening og starten går i Anglevik på Sotra. Førebels er det berre påmeldt 7 båtar men det vert nok fleire når påmeldingsfristen nærmar seg. Håper det er litt finare vær enn det er i dag. Her er link til meir om regattaen.

søndag 8. januar 2012

2.plass i Neglespretten

Laurdag 7.januar segla me Neglespretten på Byfjorden i Bergen. Totalt deltok 42 båtar. Det var lite vind og vanskelege forhold på Byfjorden. Åsane seilforening hadde gjort spesiell klasseinndeling, så me var i lys-klasse 1,20-1,29. Det var 17 båtar i klassen, men det var som vanleg Gleden som vart vår argaste konkurrent. Dei 7 båtane i høgaste lys-klasse starta 5 minnuttar før oss. Me kom godt ut i starten og kunne etter ei stund segla spinnaker mot første merke. Gleden runda rett framfor oss. Me runda første merke som 5. båt. Deretter var det kryss mot merke 2 ved Nordnes. Det var omtrent vindstille rett etter runding, men etterkvart kom ein liten vestleg bris og me fekk god fart mot Nordnes. No hadde me fått litt avstand bakover til Gleden. Ved Helleneset minka det på vinden og den dreia på sør. Her gjorde me litt dårlege val og Gleden greidde å koma forbi oss. Alle klassane utan høgaste lys-klasse vart tatt i mål ved Nordnes. Det held til ein 2.plass. Ventus kom på 3.pass i klassen.
Her er resultatlista.
Ingen fotografering på fjorden i dag.


Det vart svært tett skodde på heimturen frå Flatøy til eg var gjennom Bognestraumen.

torsdag 5. januar 2012

Neglespretten 2012

Snart klar for Neglespretten som går på Byfjorden laurdag 7.januar. Mannskap er Torkjell Tolo, Eivind Tysse, Kjetil Risnes, Bjørn Rundhovde, Roar Teige og meg. 40 båtar er påmeldt til no. Det er meldt 6 - 7 plussgrader og regn. 5 m/s vind frå ein vestleg retning.
Åsane seilforening er arrangør. Her finn du meir info om regattaen.